Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Good Wibes H17
Produksjonsliste
Program

Good Wibes H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

 "Jeg begynte å utforske munnen og stemmebåndet som liten gutt, og da jeg var rundt tolv år fant jeg ut at beatbox var en kunstform. Det spennende med beatbox er at det høres umenneskelig ut. For meg er beatbox en frigjøring av energi, og samtidig et instrument jeg alltid har med meg!" fortel Sigurd Wibe.

Ei menneskeleg trommemaskin er utgangspunkt for denne konserten. Menneska har til alle tider leika seg med å nytte stemme og kropp til å imitere musikkinstrument og andre lydkjelder rundt oss. Tidleg på 1980-talet kom dei fyrste trommemaskinene, og dei vart kalla "beatboxes". I hiphop-kulturen dukka pioneren Doug E. Fresh opp og utnevnte seg sjølv til "the human beatbox".

Beatboxing handlar om å bruke munn, tunge, lepper og stemme for å skape trommekomp og lydeffektar. Dette unge kunstuttrykket er i rivande utvekling, og stadig fleire utøvarar hentar inspirasjon via internett for å perfeksjonere musikken. (Sjå forslag til lenkjer på høgre side)

Lærarrettleiing

Denne konserten har ingen særskilte førebuingar, men for å styrkje konsertopplevinga ber vi om at

  • lærarar og elevar sit saman og deler opplevinga
  • de nyttar konsertinformasjonen til å informe elevar, lærarar og skuleleiinga om praktiske konsertførebuingar
  • de førebur elevane på innhaldet i konserten dei skal vere med på, for dei førebudda møta er ofte dei beste

Nytt konserten

Musikk i Kunnskapsløftet - kompetansemål for 8. - 10. klassesteg

Komponere:
Musikkoppleving og musikalsk skaping er fagleg fokus. Elevane skal utforske og eksperimentere med musikken sine grunnelement, utforske stemma, sette saman musikalske sekvensar i lyd og rørsle og skape eigne musikalske uttrykk.

  • Improvisere over eit eksisterande musikalsk materiale som inspirasjon for eigne komposisjonar
  • Bruke digitalt opptaksutstyr og musikkprogram til å manipulere lyd og sette saman eigne komposisjonar

Forslag til elevoppgåver:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Sigurd Wibe flytta som liten gut frå Hordaland til England, rett utanfor London. Her starta interessa for beatboxing. I 2012 flytta han attende til Bjorøy og Bergen. Som ny og ukjend musikar var det natuleg å leita opp lokale jam-sessions og kan hende finne gode folk å spele i lag med.

Martin Vinje (keyboards) og Petter Asbjørnsen (bass) vaks opp i Telemark; Martin i Skien og Petter på Stathelle. Begge hamna i Bergen då dei kom inn på jazzlinja ved Griegakademiet. Ein kveld var dei på ein jam på ei lokal kneipe, og her møtte dei Sigurd.

Felles musikalsk ståstad og god kjemi resulterte i gruppa "Good Wibes", eit namn som spelar på Sigurd sitt etternamn Wibe (korrekt engelsk ville vore Vibes...). 


Medverkande

  • Sigurd Wibe (Beatboxing)
  • Martin Vinje (Keyboards)
  • Petter Asbjørnsen (El-bass/kontrabass)

Multimedia og vedlegg

Bilete

The human beatbox
Good Wibes - Petter, Sigurd og Martin
Foto: Magnus Wibe
Good Wibes
Foto: Magnus Wibe

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 8 - 10
Turnéplan: Good Wibes H17
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
SPØRSMÅL OM KONSERTPLANEN
Turnéleggjar Hanne-Brit Iversen
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
Tlf. 55 23 99 60 / 92 24 16 57E-post: Hanne-Brit.Iversen@hfk.noSPØRSMÅL OM PROGRAMMET
Produsent Wenche Gausdal
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
Tlf.: 55 23 99 60 / 97 68 76 36Epost: Wenche.Gausdal@hfk.no
Programlengde
ca 40 minutt
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Gymsal eller liknande
Berehjelp
6 elevar
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Sigurd Wibe (Beatboxing)
  • Martin Vinje (Keyboards)
  • Petter Asbjørnsen (El-bass/kontrabass)