Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Ei reise til steinalderen - H18
Produksjonsliste
Program

Ei reise til steinalderen - H18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ei reise til steinalderen er eit aktivitetsbasert undervisningsopplegg der elevane lærer om livet i steinalderen gjennom praktiske aktivitetar. 

Opplegget tek utgangspunkt i ei utstyrspakke som inneheld fungerande replikas av reiskapar og våpen frå steinalderen, i hovudsak basert på lokale funn. Utstyrspakka inneheld alt frå piler med autentiske steinspissar og velfungerande steinøkser til harpunar, fiskekrokar og synåler av bein - mykje av det utstyret steinaldermenneska trong i sitt daglege liv. 

Aktivitetar: bogeskytng med trebogar av steinaldertype og produksjon av reiskapar, våpen og fiskeutstyr frå steinalderen. Elevane får mellom anna hogge skarpe reiskapar av flint, slik dei gjorde det i steinalderen. 

Det er naudsynt at lærarane deltek aktivt, og at elevane er kledde etter været.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Morten Kutschera

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Morten Kutschera er flintsmed og utøver av eksperimentell arkeologi med vekt på steinalder. Han har lang fartstid innan aktivitetsbasert undervisning, jobber i innog utland, og samarbeider med ei rekke universitet og museer.


Medverkande

  • Morten Kutschera
  • Morten Kutschera (flintsmed)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Steinalder1
Foto: Nicole Brody
Steinalder2
Foto: Nicole Brody
Steinalder3
Foto: Nicole Brody
Steinalder4
Foto: Nicole Brody
Steinalder5
Foto: Nicole Brody

Publikumskommentarar:

1

Dette var eit opplegg som passa perfekt for 4. klasse. Elevane fekk mykje med seg og var spørjande og interesserte både under og etter undervisninga. Flott formidling!!
Skrive av Gunvor Mehl (Malmanger, 4.) - 8.9.2014 18:21

2

Kjekt opplegg. Elevane likte godt å få lage kniv av flint, samt skyta med pil og boge. Det som kunne vore annleis er økta med fakta/info. Morten sendte rundt ulike steinar, verkty medan han snakka. Her mista elevane lett fokus pga alle tinga dei fekk sjå på, og fekk lite med seg av det han snakka om. Kan godt gjera litt om på denne biten. Elles var det eit kjekt opplegg.
Skrive av Martin Ø. Bru (Langeland skule, 5.-7. trinn) - 3.10.2017 13:22
Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kulturarv
Trinn: 5 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Hanne-Brit Iversen
tlf 48995639
Kontaktperson utøvar
Morten Kutschera, tlf. 97068412
Programlengde
2,5 time per gruppe
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Utandørs eller delvis under tak i tilfelle regn. Ein stad der Kutschera kan henge opp sikkerhetsnett og blink til bogeskyting. - Det kan vera to trer eller stolpar, evt. eit stort fotballmål eller liknande.
Maks antall fremføringer per dag
2
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
45 min.
Merknad
Elevane må vere kledde etter været.
Omlag 2,5 time per gruppe, fleksibel og tilpassast den einskilde skulen. 
Morten Kutschera kjem til å kontakte skulane i forkant for å avtale nærare
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Morten Kutschera (flintsmed)