Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Eit annleis teikneseriekurs
Produksjonsliste
Program

Eit annleis teikneseriekurs

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Teikneseriekurs er ikkje nødvendigvis einstydande med teiknekurs. I dette kurset konsentrerer vi oss nemleg om kva som ligg under den teikna overflata: Ei heilt unik form for kommunikasjon og historieforteljing.

Teikneseriar handlar om mykje meir enn "flotte teikningar"!! Ein treng ikkje vere flink til å teikne for å lage interessante teikneseriar.

Innhald:
Kva er ein teikneserie? Vi ser nærare på kva som gjer mediet unikt. Vi lærer om visuell kommunikasjon: Korleis formidle idear, kjensler og tankar ved hjelp av teikningar, symbol og typografi.

Korleis lagar ein teikneseriar? Vi ser nærare på korleis serieskaparen lagar teikneseriane sine. Elevane sine favorittar vert nytta som døme. Stikkord: komposisjon, klarleik og kommunikasjon.

Workshop. Elevane lagar sine eigne teikneseriar. Dei får òg prøvd seg med profesjonelt utstyr som penslar, T-linjalar og knettgummi. Elevane lager miniteikneseriehefter, som dei kan ta med seg heim.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Espen Terjesen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Espen Terjesen (f. 1979) er utdanna litteraturvitar. Han har òg bakgrunn i illustrasjon og grafisk design. Dei siste åra har han undervist ved Universitetet i Bergen og på barneskular, parallelt med at han teiknar illustrasjonar og teikneseriestriper for aviser.

http://espenart.com/

Her er lenkje til meir informasjon om kurset, både for elevar og lærere: http://www.espensseriekurs.no 


Medverkande

  • Espen Terjesen
  • Espen Terjesen

Multimedia og vedlegg

Bilete

Espen Terjesen
Foto: Espen Terjesen
Eit annleis teikneseriekurs
Foto: Espen Terjesen
Eit annleis teikneseriekurs
Foto: Espen Terjesen

Publikumskommentarar:

1

Dette var eit svært bra undervisningsopplegg, berre gode tilbakemeldingar frå elevar og lærarar på skulen.
Skrive av Olav Undeland (Bjørgum Skule, 6) - 17.10.2013 9:14

2

Dette var virkelig imponerande. Espen Terjesen er ein fremragande illustratør og teiknar. Dette i seg sjølv er motiverande og lærerikt. I tillegg hadde han eit særs godt pedagogisk opplegg som gjorde at alle elevane fekk ei mestringsoppleving. Desse tre timane kurset varte, fauk avgarde. Terningkast seks :-))
Skrive av Anne Sissel Skilbrei (leirvik skule, 6b) - 16.3.2017 20:35
Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: 5 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnéansvarleg:Nina Dworak - 48 99 49 40
Fagansvarleg:  Charlotte Espeland - 48 99 56 06
Kontaktperson utøvar
Programlengde
3 klokketimar
Maks publikumsantal
36
Arena / rom
Klasserom med projektor/smartboard
Er workshop
Ja
Oppriggingstid
5 min.
Nedriggingstid
10 min.
Merknad
Skulen stiller med teiknepapir. Gje ev. beskjed slik at utøvar kan ta det med seg til skulen. Utøvaren treng også videoprojektor eller smartboard i klasserommet.
Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Espen Terjesen