Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Raskolnikov (Hordaland teater)
Produksjonsliste
Program

Raskolnikov (Hordaland teater)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Fjodor Dostojevskij sitt meisterverk «Raskolnikov» også kjent som «Brotsverk og straff» - ein eviggyldig klassikar om moralomgrep og individet si stilling i eit hardt samfunn.

Kor mange handlingar må til for å vege opp for eit brotsverk?
I fleire veker har Raskolnikov lege åleine i det vesle, skitne rommet sitt og konstruert ein teori: Verda er full av fattige, fortvilte undermenneske som vandrar rundt med bøygd hovud og let seg kue. For så nedrig er mennesket, at det venner seg til alt. Berre nokre få utvalde overmenneke er i stand til å tenke nytt. Og dei har rett til å bryte lova Raskolnikov set seg føre å finne ut av kva gruppe han høyrer til.

Med ei øks på innsida av frakken går han til ei pantelånarske som skor seg på andre folk si naud. Om han klarer å drepe henne, vil han ikkje då fri samfunnet for eit skadedyr? Han kan ta pengane hennar, få råd til å ete og drikke igjen, halde fram med studia og bli noko stort, noko større enn seg sjølv. Eller er ikkje straffa til å unngå? Vil anger, skuld og tvil ete han opp innanfrå?

Brotsverk og straff.
I Raskolnikov, basert på romanen Brotsverk og straff av Fjodor Dostojevskij, blir vi dregne inn i det mørke tankespinnet til Raskolnikov. Det er ei forteljing om kor gale det kan gå når eit ungt, pressa menneske isolerer seg med ideane sine. Men sjølv om Raskolnikov skuvar alle frå seg, er det stadig nokon som kjem og prikkar han på skuldra.

Den russiske forfattaren Dostojevskij fornya romansjangeren med sin særeigne kombinasjon av djup psykologisk innsikt, religiøs og moralsk argumentasjon og krasse sosiale skildringar. Frå 1890-talet påverka han europeisk og nordisk litteratur. Mellom dei norske forfattarane som blei inspirerte av han, var Knut Hamsun og Olav Duun.

Regissør Kjersti Horn har tidlegare iscenesett klassiske stykke med ein heilt særeigen vri. Mykje tyder på at dette blir ein Raskolnikov du ikkje har sett det før!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Hordaland teater

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Framsyninga er eit samarbeid mellom Hordaland Teater og Det Norske Teatret.

Dramatisering: Tormod Skagestad
Regi: Kjersti Horn
Scenograf og kostymedesignar: Sven Haraldsson
Lyddesignar: Erik Hedin
Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

I rollene:

Preben Hodneland
Frode Winther
Anna Ladegaard
kaia Varjord
Emil Johnsen
Nina Woxholtt
Svein Roger Karlsen


Medverkande

  • Hordaland teater
  • Det Norske Teatret

Multimedia og vedlegg

Bilete

Logo
Foto: Hordaland Teater
Raskolnikov
Foto: Eirik Malmo

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen tlf. 489 95 612
Programlengde
Framsyninga er under produksjon, forventa speletid er inntil tre timar inkl. pause.
Maks publikumsantal
279
Arena / rom
Hordaland Teater i Logen, Bergen sentrum.
Merknad
Hordaland fylkeskommune dekkjer ev. reiseutgifter nå det er trong for transport til spelestaden. Sjå vedlegg. Speleperiode: 
September: 26., 27. og 30.
Oktober: 2. og 4.
​​​​​​​Alle framsyningar startar kl. 11.00.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Det Norske Teatret