Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Sirkus Maxim H19 V20
Produksjonsliste
Program

Sirkus Maxim H19 V20

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Eit møte med forfattar Siv Wyller, hennar roman "Sirkus Maxim", nokre særeingne rollefigurar og  inspirasjon til tekstskaping.

Handlinga i romanen Sirkus Maxim går føre seg i tenkte, dystre omgjevnadar. Vi møter eit sirkus som er vêrfast i Sibir, Sovjetunionen. Tre ulike historier bind romanen saman. Hovudhandlinga er om sirkuset sine problem i Sibir i 1987, men sirkushistoria frå Europa på 50-talet og ei kriminalhistorie frå ein sovjetisk fangeleir har òg mykje å seie for handlinga.

Persongalleriet i romanen er stort og fleire av karakterane er absurde og burleske. Her er mellom anna ei apekvinne, eit dvergorkester og deprimerte klovnar. Sirkusdirektøren er pyroman med eit mord på samvitet. Karakterane si utvikling og korleis dei gjer sine handlingar er både komisk og tragisk.

Forfattar Siv Wyller vil lese utdrag frå boka, fortelje om skriveprosessen til Sirkus Maxim og gje eit kort innbikk i sirkushistoria, der fokus vil vere bruk av menneskje som attraksjonar - noko vi i dag held for å vere inhumant, men som den gongen kunne vere ein strategi for å overleve. 

Kort skriveverkstad med fokus på karakterbygging:

Persongalleriet i Sirkus Maxim er eit godt utganspunkt for å motivere til å skape litterære karakterar. Her er ikkje grenser, alt handar om å gjere absurditetar truverde og menneskjelege. Elevane blir presenterte for ulike skrivemetodar. Korte skriveøvingar vil byggje opp karakterar steg for steg. Stikkord er utsjånad, vilje, indre dialog og nedbryting av sjølvsensur. Wyller ynskjer å utfordre elevane sine eigne avgrensingar gjennom bruk av improvisasjon og nedbryting av deira sjølvsensur.
Opplesing av korte tekstar er ein del av skriveverkstaden. Her nyttar Wyller teknikkar frå improvisasjonsteater på å ufarleggjere det å framføre eigne tekstar. Erfaringa er at Wyller får mest alle elevar i tale.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Siv Wyller

Multimedia og vedlegg

Bilete

Sirkus maxim
Siv Wyller

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur / Forfatterbesøk
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Kontaktperson utøvar
Siv Wyller tlf. 930 59 436
Programlengde
90 minutt
Maks publikumsantal
60
Arena / rom
Klasserom, auditorium eller anna eigna lokale på skulen.
Maks antall fremføringer per dag
2
Oppriggingstid
15 min.
Nedriggingstid
15 min.
Merknad
​​​​​​​ Produksjonen er best eigna for grupper med maks 30 elevar, større grupper opp til 60 etter avtale.Turnéperiode: ​​​​​​​Veke 40 2019 og veke 11 2020.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune