Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
La clemenza di Tito av Mozart - Kjærleik i raudt, ...
Produksjonsliste
Program

La clemenza di Tito av Mozart - Kjærleik i raudt, kvitt og svart V20 (Bergen Nasjonale Opera)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ein "House of Cards"-opera med politiske intrigar og valdshandingar og Mozart sin musikk.

Koreis skal ein politisk leiar vere?
I ei tid då kan hende makt og kontroll aldri har vore meir kritisk eksponert, blir vi presentert for Mozart sin tidlause opera der ei valdshandling blir møtt med tilgjeving. Historia er driven av sjalusi, intens kjærleik og lojalitet. Den greske regissøren Rodula Gaitanou flyttar handlinga frå antikken til terrorhandlingane i vår tid.

Altoppslukande begjær blir sett inn i eit politisk drama som vore det i House of Cards, medan Mozart sin musikk leverer all venleik og heftige kjensler vi kan vente oss frå ein musikalsk meister!

"Kjærleik i raudt, kvitt og svart" - introduksjonsframsyning på skulen
"​​​​​​​La clemenza di Tito" - generalprøve i Grieghallen

​​​​​​​Dette tilbodet er i to delar: Ei introduksjonsfamsyning blir vist på skuleni førekant og gir innføring i operasjangeren. Deretter ser elevane sjølve framsyninga (generalprøven på) «La clemenza di Tito» i Grieghallen i Bergen.

Introduksjonsframsyninga - Kjærleik i raudt, kvitt og svart:
Ei gruppe på tre kunstnarar besøker skulen og møter elevane som skal til Grieghallen. Dei viser eit program som på ein underhaldande måte presenterer tematikk og karakterar i denne operaen. Gjennom programmet blir elevane òg presenterte for opera som kunstart. I tillegg vil publikum bli kjende med komponisten og den tida han levde i.

Skular som ynskjer det, får i tillegg tilbod om ein kort verkstad der elevane leikar med musikken og karakterane etter introduksjonsframsyninga.

Generalprøven -  Grieghallen:
På generalprøven i Grieghallen i Bergen 19. mars er det på tide å møte den ferdige framsyninga. – Fullt orkester, kostyme, scenografi og songarane som har si siste prøve før den store premièren!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Bergen Nasjonale Opera

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Les meir om Bergen Nasjonale Opera på deira heimeside.​​​​​​​

Multimedia og vedlegg

Bilete

BNO logo
Foto: Bergen nasjonale Opera
La clemenza di Tito
Foto: Bergen Nasjonale Opera

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen tlf. 489 95 612
Programlengde
Introduksjonsframsyning: 45 minutt. Generalprøven: Er under utarbeiding, endeleg lengd er venta å bli inntil 3 timar.
Maks publikumsantal
1000
Arena / rom
Introduksjonsframsyning: Storklasserom, gymsal eller anna eigna lokale på skulen. Generalprøven: Grieghallen, Bergen sentrum 8 mars 2018 kl. 11:00.
Maks antall fremføringer per dag
2
Merknad
Deltakartal:Introduksjonsframsyning:  Avhengig av spelestad på skulen.
​​​​​​​Ev. verkstad på skulen: 30 - 60.Grieghallen: Inntil 1000.​​Turnéperiode introduksjonsframsyning: Veke 4 og 5 2020.Generalprøven: ​​​​​​​Grieghallen 19. februar. Reise: Hordaland fylkeskommune dekkjer ev. reiseutgifter til og frå Grieghallen. Sjå vedlegg.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune