Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Med Restauration gjennom Hell Gate til det Lova La...
Produksjonsliste
Program

Med Restauration gjennom Hell Gate til det Lova Landet - H19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ei forteljarframsyning om det fyrste norske emigrantfølgje som forlét Noreg 4. juli 1825.

Gjennom denne forteljinga vil tilhøyrarane bli teke med tilbake til sommaren 1825. Ved Bispebrygga i Stavanger låg seglskuta Restauration fortøyd. Om bord på dekk sto eit følgje på over femti menneske, barn, ungdomar og vaksne. Dei var reiseklare, klare til å vinka eit siste farvel til slekt og venner. Og dei skulle langt, over sjølve Atlanterhavet til Amerika.

Kven var desse menneska, kvifor reiste 52 vaksne, ungdomar og born frå heimlandet sitt, korleis ble overfarten og kva skjedde vidare då dei nådde New York?

I denne framsyninga vil elevane på den eine sida få oppleva ein del av vår eiga historie – historia om draumen som det fyrste utvandrarfølgjet bar på: Draumen om eit betre liv. Det førte til at dei forlet landet sitt og blei innvandrarar i Amerika. Vegen til tankar kring grunnar til emigrasjon i våre dagar er ikkje lang.

På den andre sida vil dei få oppleve forteljing som kunstform og formidlingsform. Gjennom forteljarkunsten skapar forteljaren bilete, i blant sterkare enn film, hos tilhøyrarane. Denne kunsten er rein og direkte, utan noko medium mellom avsendar og mottakar. I vår digitaliserte tid får vi oppleve at denne gamle kunsten framleis kan skapa ei stor oppleving!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Anne Elisebeth Skogen er utdanna lærar, med tilleggsutdanning i forteljarkunst. Ho har lang erfaring som lærar i kulturskulen og frilans forteljar.
Bak seg har ho ei rekkje turnear med forteljarframsyningar, mellom anna i DKS, og har halde fleire forteljarkurs for lærarar.
Les meir om Skogen og hennar produksjonar på hennar heimeside.


Medverkande

  • Anne Elisebeth Skogen (Forteljar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Illustrasjon frå Vesterheim Museum.jpg
Foto: Vesterheim Museum, Decorah, Iowa
Anne Elisebeth Skogen
Foto: Privat
Replika Restaurationen og Queen Mary i Stavanger
Foto: Pressefoto

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kulturarv
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Kontaktperson utøvar
Anne Elisebeth Skogen, tlf.  913 40 078
Programlengde
45 minutt
Maks publikumsantal
65
Arena / rom
Klasserom, bibliotek, lite auditorium eller anna på skulen, nært på publikum. Treng ein vegg bak seg til å hengje opp kart og plakatar.t
Maks antall fremføringer per dag
3
Oppriggingstid
15 min.
Nedriggingstid
10 min.
Merknad
Turneperiode: Veke 46 og 47 2019; 11. - 22. nov.( Kan bli dagar i september i tillegg, ikkje avklara).  
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Anne Elisebeth Skogen (Forteljar)