Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Jongo - H17
Produksjonsliste
Program

Jongo - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Konserten ”Jongo” tar oss med på ei musikalsk reise til sydlegare strok, kor gitaren sitt sør-europeiske og sør–amerikanske repertoar vert utforska. Jongo, baião, tango og flamenco er særs rytmisk musikk, noko som er naturleg sidan han heng saman med dans. Her får de møte to gitaristar, ein bassist og ein perkusjonist som presenterer eigne tolkningar av dette repertoaret med inspirasjon og element frå båe klassisk, jazz og tradisjonsmusikk, ispedd nokre improvisatoriske krumspring.

Våre fire ” musikantar” vil framføre musikk med friske rytmer, vakre melodiar, virtuos musisering, krydra med ei god dose ømheit, lidenskap, smerte og humør. Alt i eit leikent samspel.

Kort sagt; tango frå Argentina, flamenco frå Spania, barokkdans frå Frankrike og suggererande jongo frå Brasil.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Jongo
  • Produsent: Jørn Oftedal - e-post: jorn.oftedal@hfk.no
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Øyvind Hegg-Lunde - (trommer) hylte då han vart fødd og har faktisk laga bråk sidan. Trommeslagaren frå Borgund i Sogn, er utdanna ved jazzlinja på Grieg Akademiet i Bergen og Högskolan för Scene och Musik i Gøteborg. Han er aktiv som utøvar båe i inn- og utland, og har spelt ei rekkje konsertar i Europa, Afrika og USA..

Harald Kvasnes - (gitar)er født og oppvokst i Jugendbyen Ålesund. I ungdommen var han innom båe pop, jazz og rock, men konkluderte snart at klassisk gitarmusikk var vegen å gå. Han har mastergrad fra Grieg Akademiet, men har òg studert eitt år på den spanske solkysten. Saman med Gjermund Fredheim har Harald turnert i inn- og utland og delteke ved ei rekkje nasjonale og internasjonale gitarkonkurransar.

Gjermund Fredheim - (gitar) kjem frå Sunnhordland. Interessa for musikk førte han til Bergen og til ein mastergrad i klassisk gitar ved Griegakademiet i Bergen. Saman med Harald Kvasnes har han vunne fleire internasjonale gitarkonkurransar i båe Italia og Polen. Han har òg spelt banjo med Bergen Filharmoniske Orkester og turnert i Europa, Asia og Sør-Amerika som metalgitarist.

Ole Marius Sandberg - (kontrabass) kjem frå Gildeskål i Nordland og er utdanna ved Jazzlinja på musikkonservatoriet i Trondheim. Ole Marius har gjennom mange år som frilansmusikar spelt i fleire ulike samanhengar i og utanfor Norge med t.d. Odd Børretzen, Helene Bøksle, Hekla Stålstrenga, Terje Rypdal og mykje anna.I 2013 kom han med si ferske soloutgjeving «Or Better Still».


Medverkande

  • Jongo
  • Øyvind Hegg-Lunde (Trommer/perkusjon)
  • Harald Kvasnes (Gitar)
  • Gjermund Fredheim (Gitar)
  • Ole Marius Sandberg (Kontrabass)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Tango
Foto: Claudio Goldini
Jongo
Foto: Jongo
Rigges til konsert
Foto: Jørn Oftedal
Lydsjekk
Foto: Jørn Oftedal
Jongo
Foto: Jørn Oftedal
Øyvind på trommer
Foto: Jørn Oftedal

Publikumskommentarar:

1

Tusen takk for en flott konsert. Veldig dyktige musikere, og tilbakemeldingen fra elevene er at dette var kjekt. Det er mange elever som aldri opplever konserter med en slik kvalitet på musikerne. Skulle jeg ønske meg noe mer som lærer, så hadde det vært ok med litt mer kommunikasjon med publikum. Elevene var imidlertid fornøyd, og det er viktig å få formidlet. Tusen takk.
Skrive av Marit Tømmermo (Knarvik Ungdomsskule, 8c) - 10.3.2015 9:21
Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 8 - 10
Turnéplan: Jongo - H17 Voss
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Jørn Oftedal  mob:40620914                                                                        Spørsmål om turneplan: Hanne-Brit Iversen, 55239966
epost: hanne-Brit.Iversen@hfk.no
Programlengde
40 minutter
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Gymsal - musikarane langs langvegg-elevane på stoler
Berehjelp
4 elever
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
30 min.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Jørn Oftedal - e-post: jorn.oftedal@hfk.no
Medverkande
  • Øyvind Hegg-Lunde (Trommer/perkusjon)
  • Harald Kvasnes (Gitar)
  • Gjermund Fredheim (Gitar)
  • Ole Marius Sandberg (Kontrabass)