Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
"Forestilte fremtider" - Bergen Assembly 2019
Produksjonsliste
Program

"Forestilte fremtider" - Bergen Assembly 2019

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Hordaland er kvart tredje år vertsfylke for et stort internasjonalt samtidskunstprosjekt, og det gir ein sjeldan sjanse for møte med samtidskunst. Utstillingar og arrangement blir aktualisert for elevane.

Korleis kan kunst hjelpe oss til å sjå for oss framtida?Kan kunst få oss til å reflektere over verda slik ho er i dag? Saman skal vi leggje ut på ei fantasireise til fortida; til det som ikkje finst lengre, og til framtisa som enno ikkje er her...
Korleis skal vi gjere det? Med å starte ei samtale med nye vener frå ein annan plass, og frå ei anna fase i livet.

Bergen Assembly tilbyr moglegheit for at skuleelevar i Hordaland kan oppleve eit internasjonalt samtidskunstarrangement på høgt nivå.

For to involverte klassar vg2 (plan 1, sjå vedlegg):
Formidlinga av Bergen Assembly 2019 vil for nokre elevar, to klassar frå vg2, tyde eit engasjement med 90 minutt ein dag i veka i 4 veker. Dette arbeidet går føre seg 2 økter på skulen, og formidlar frå Bergen Assembly kjem på besøk og leier arbeidet. Dei to neste øktene er i bergen assembly sine lokalar i Bergen sentrum.
​​​​​​​I løpet av dei fire vekene inneber arbeidet m. a. kontakt og samarbeid med to klassar frå grunnskulen, 2. steget. Saman har dei aktivitetar og produksjon som vil styrke opplevinga i utstillingsstadar i Bergen Assembly. Produktet frå samarbeidet vil vere ein del av grunnlaget for utarbeiding av utstillingar seinare i utstillingsperioden, der andre grupper kjem for å oppleve utstillingar.
Arbeidet blir fullført med besøk i urstillinga dei sjølve har bidratt til, og omvising v/Bergen Assembly.

Opent for alle - eit utfordrande og inspirerande møte med samtidskunsten (VGS besøk i utstilling, sjå vedlegg):
Bergen Assembly inviterer til vising og formidling med eit 2  timar opplegg i utstillinga ​​​​​​​Actually, the Dead Are Not Dead  i  eitt av visningslokala i Bergen, der utstillingane blir eit utgangspunkt for refleksjon og formulering av førestillingar om moglege framtider. I utstillinga møter elevar frå vgs elevar frå dei lågste stega i grunnskulen, og opplever formidlinga saman med dei.

Alle formidlingane vil bli leia av svært kvalifiserte formidlarar, og vil innehalde tilpassa aktivitetar for de ulike alderstrinna.

Prosjektet er under utarbeiding, fullstendig omtale og skildring av gjennomføringa fylgjer når det ligg føre. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Bergen Assembly er Noreg sitt største internsjonale samtidskunstarrangement, med offentlege arrangement kvart tredje år. Etter tidlegare utgåver, i 2013 og 2016 har dei oppnådd stor internasjonal anerkjenning.

Les meir på deira heimesider.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Actually,TheDead Are Not Dead
Foto: Bergen Assembly
Logo
Foto: Bergen Assembly
I arbeid
Foto: Johanne Karlsrud

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kunstarter i samspill
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Kontaktperson utøvar
Programlengde
90 minutt ei økt i veka 4 veker for VG2-klassar som deltek på skule. Alle påmeldte til utstillingsbesøk dei øvrige vekene: 2 timar.
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom på skulen og utstillingslokale for dei 2 deltakande klassane i plan 1. Utstillingslokale under Bergen Assembly for alle.
Merknad
​​​​​​​​​​​​​​Gjennomføringsperiode:​​​​​​​
Periode for to involverte VG2-klassar: 1 økt pr veke i vekene 36, 37, 38 og 39 (september).
Utstillingsperiode Bergen Assembly, ope for alle: Medio oktober, dagar ikkje fastsett.

Reise til Bergen: Hordaland fylkeskommune dekkjer ev. reiseutgifter nå det er trong for transport til utstillarstaden. Sjå vedlegg.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune