Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
1 1/2 - historia om Antero - H17 (Oddmann Producti...
Produksjonsliste
Program

1 1/2 - historia om Antero - H17 (Oddmann Productions)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Dokkemannen Antero startar på nytt i eit tomrom. Der kan han vere akkurat den han er, og det blir ikkje  bråk. Men han treng nokon å danse med! Eit par sjongleringsballar kanskje? Eller ein kjærast?

Antero er middelaldrande, kortvaksen og kjem lett i krangel. Han elskar frynser og sollyset frå lampa. Antero har retningar og punkt å halde seg til og han kan vere kva som helst; ein sjonglerande cowboy for eksempel.

Det er herleg å få ein ny sjanse, byrje på nytt, heilt åleine. Eller? Kven er den stemma? Den rare kvinna som dukkar opp og ikkje let ham vere i fred? Hmm...

Antero treng nokon å danse med. I avisa finn han kjærestar av ulike kaliber, berre ei passar til han! Men når ho plutseleg ringjer på døra får han panikk... Ho heiter Andrea og elskar alt i leilegheita hans...

1 ½ er ei framsyning om det å vere einsam. Antero vil skapa seg ein levemåte der han har full oversikt og kontroll - der ingen bryr seg eller lagar bråk, men han kjenner på ein snikande einsemd. Ei annan stemme dukkar opp - snakkar han med seg sjølv? Held han på å bli sprø? Eller finnast det verkeleg nokon der som vil møte han? Korleis skal Antero kome seg vidare og finne lykka?

Frida Odden Brinkmann er sjonglør og sirkusartist, med 1 ½ knyter ho saman figurteater og nysirkus i ei underfundig soloframsyning.

Om utøvarar og produsentar

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Oddmann Productions

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Frida Odden Brinkmann er utdanna ved Académie Fratellini i Paris, Cirkuspiloterna i Stockholm og ved AFUK i København.
Ho har jobba som profesjonell sjonglør og sirkusartist sidan 2008. Både sjølvstendig og i anerkjente kompani som Jérôme Thomas Cie (F), Gandini Juggling (UK) og NoFit State Circus (UK).

Ho er ei av få kvinner i verda som kan sjonglere med 9 sprettballar på ein gong.

I 2010 produserte ho framsyninga Circo Herencia. Denne har turnert med DKS i fire år, og har vitja til saman 14 fylker og 3 land.

1 ½ er hennar fyrste soloprosjekt, produsert i 2012.


Medverkande

  • Oddmann Productions
  • Anthony Barratt (Musikk/ lyddesign, komponist)
  • Sjur Odden Skjeldal (dokkemaker)
  • Frida Odden Brinkmann (aktør, idè, manus, produsent, scenografi), , 97698504
  • David Skauen (teknikar, grafisk design)
  • Rudi Skotheim Jensen (( forprosjekt ) regi, manus)
  • Anne Mali Sæther (regi, dramaturgi, manus)
  • Monica Valsø Nestvold (scenografi)

Multimedia og vedlegg

Bilete

1 1/2
Foto: Andreas Bergmann
1 1/2
Foto: Andreas Bergmann
1 1/2
Foto: Andreas Bergmann
1 1/2
Foto: Andreas Bergmann

Publikumskommentarar:

1

Fantastisk!!!!Alle, både voksne og barn var imponert og overrasket over den spennende forestiliingen. Det var et superkjekt musikkteater, det var både kreativt og morsomt! Vakkert og spesilet fortalt om det å være alene, og forandringen som kom når de ble "to..."Meget proffesjonelt og troverdigt. Stykket var godt bygget opp, og artisten viste en utorlig kroppskontroll, som elevene sa det...: "ho var flink til å gå baklengs. God lyd og fine overganger. Kom snart tilbake:)Helsing oss på Kinsarvik skule
Skrive av Randi Johannesen (Kinsarvik skule, 1.-7. trinn) - 28.1.2015 10:34
Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Frida Odden Brinkmann, , 97698504
Programlengde
35 min
Maks publikumsantal
120
Arena / rom
Gymsal/aula
Berehjelp
4 personar
Oppriggingstid
150 min.
Nedriggingstid
90 min.
Straum
2x16A
Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Norsk scenekunstbruk
Medverkande
  • Anthony Barratt (Musikk/ lyddesign, komponist)
  • Sjur Odden Skjeldal (dokkemaker)
  • Frida Odden Brinkmann (aktør, idè, manus, produsent, scenografi)
  • David Skauen (teknikar, grafisk design)
  • Rudi Skotheim Jensen (( forprosjekt ) regi, manus)
  • Anne Mali Sæther (regi, dramaturgi, manus)
  • Monica Valsø Nestvold (scenografi)