Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
WOLFGAAANG!!! - H17
Produksjonsliste
Program

WOLFGAAANG!!! - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Wolfgang Amadeus Mozart (1756 - 1791) vart døypt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Theophilus Mozart. Han var eit vidunderbarn som spelte piano frå han var 4 år og komponerte musikk allereie som 5-åring. Faren Leopold, som sjølv var ein god fiolinist, oppdaga tidleg Wolfgang sitt heilt uvanlege talent, og han tok med seg sonen sin på ein turne i Europa som skulle vare i 3 og eit halvt år! Då han var 5 og eit halvt år skulle dei spele for erkebiskopen av Salzburg, - i håp om at denne viktige personen ga Leopold Mozart jobb som konsertmeister og kan hende kunne lille Wolfgang òg få fast arbeid...

Nå må det verkeleg øvast!

Men, Wolfgang er berre ein liten gut med loppar i blodet og maur i baken, og øvinga tek så frykteleg mykje tid........    Det er her på denne tida de får møte Wolfgang og faren Leopold.

Lærarrettleiing

PRAKTISKE KONSERTFØREBUINGAR
  • Konsertlokalet må vere klargjort 40 minutt før konsertstart
  • Musikarane ønskjer plassering på eine kortveggen, med elevane sitjande på gym.benker og stoler som i ein konsertsal. Det er ikkje nødvendig med midtgang.
  • Sjekk at det er høveleg temperatur i lokalet
  • Kontaktlærar/rektor gir beskjed til lydteknikar når alle er komne på plass
  • NB! Det skal nyttast piano, og det må vere nystemt og opplåst
  • Det må vere straumuttak i nærleiken av spelestaden, 2 x 16 A
  • Musikarane ønskjer berehjelp av 6 - 8 elevar frå 4. klasse
  • Teknikaren treng eit bord og ein stol  bak i lokalet

NB! Til skular som har fleire enn ein konsert:
Vi ber om at de blandar aldersgruppene så godt som mogeleg. Skular som berre har ei klasse på kvart trinn kan t.d. sende 1., 3., 5. og 7. klassene på ein konsert og 2., 4. og 6. på den neste.

FØREBUINGAR

Sjølv om Mozart berre blei 35 år gamal, nådde han å komponere om lag 700 musikkstykke! Musikken hans er elska over heile verda.

  • Kjenner de noko av hans musikk? Finn de nokre av songane hans i songbøkene på skulen? Til dømes: "Det klinger så herlig", Kom mai, du skjønne, milde" og "En fuglefanger er jeg, ja"  og "Alfabetet" (frå "Tryllefløyten")
  • Er det nokon i klassa som spelar piano og som har eit stykke av Mozart på sitt repertoar?
  • Lytt til Minken Fosheim si innspilling av "Eventyret om Mozart", - om ho er tilgjengeleg

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Produsent: Wenche Gausdal
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent.Regi: Tore Nysæther

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Tor Jaran Apold (fiolin) kjem frå Bergen. Han er ein ettertrakta og allsidig musikar, og namnet hans dukkar opp på CD-utgjevingar til grupper og artistar som Kaizers Orchestra, Jan Eggum, Susanne Sundfør, Combo Tango og Odd Børretzen/Lars Martin Myhre. Han er fast medlem av Sedici Corde String Quartet.
Sjur Hjeltnes (piano) kjem frå Voss, og mange kjenner han særleg som den dyktige og morosamme pianisten i showa til songarane Nordic Tenors. Han var óg en viktig del av førestillinga “Hope - Breivik T/R”. Han har komponert og produsert musikken til TV-serien “Kometkameratene” som kunne sjåast på NRK Super.
Anders Heibø (lydteknikar) driv eiga verksemd og jobbar med mange ulike prosjekt.


Medverkande

  • Tor Jaran Apold (Fiolin)
  • Sjur Hjeltnes (Piano)
  • Anders Heibø (Lydteknikar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Wolfgaaang!
Foto: Thor brødreskift
Wolfgaaang!
Foto: Thor Brødreskift
Wolfgaaang!
Foto: Thor Brødreskift
Wolfgaaang!
Foto: Thor Brødreskift
Wolfgaaang!
Foto: Thor Brødreskift
Wolfgaaang!
Foto: Thor Brødreskift
Wolfgaaang!
Foto: Thor Brødreskift
Wolfgaaang!
Foto: Thor Brødreskift
Wolfgaaang!
Foto: Thor Brødreskift
Wolfgang ved tangentene
Wolfgang saman med faren Leopold og systera Nannerl

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
SPØRSMÅL OM KONSERTPLANEN
Turnélegger Hanne-Brit Iversen
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
E-post: Hanne-Brit.Iversen@hfk.no
Tlf. 55 23 99 60 / 92 24 16 57SPØRSMÅL OM PROGRAMMET
Produsent Wenche Gausdal
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
E-post: Wenche.Gausdal@hfk.no
Tlf.: 55 23 99 60 / 97 68 76 36
Programlengde
40 minutt
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
20 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Wenche Gausdal
Medverkande
  • Tor Jaran Apold (Fiolin)
  • Sjur Hjeltnes (Piano)
  • Anders Heibø (Lydteknikar)