Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Tobias og dagen det smalt - V19 (Rimfrost produksj...
Produksjonsliste
Program

Tobias og dagen det smalt - V19 (Rimfrost produksjoner SA)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Det er mange som kallar Tobias for Cecilie. Nesten alle kallar han for det, faktisk. Ikkje eingong mamma og pappa veit at Cecilie er Tobias. Og det er jo ikkje så rart, for utanpå har han jentekropp, men inni seg er han ein gut. Tobias er det finaste namnet han veit om og saman med den usynlege dinosaurvenen Konrad kan Tobias vere seg sjølv; verdas beste dinosaurekspert!

Bestevenen Pauline prøver å hjelpe, men likevel føler Tobias det som då meteoren kolliderte inn i jorda og alle dinosaurane døydde. Kva kjem til å skje om alle får vete kven han eigentleg er?

«Tobias og dagen det smalt» er ei framsyning om å vere fødd i feil kropp for 1. – 4.klasse skriven av dramatikar Jenny Svensson. Teksten tar utgangspunkt i menneske med utfordringar kring kjønnsidentitet, og intervju av barn i 6 til 10 årsalderen om kjønnsidentitet og -mangfald. Gjennom ein miks av fantasi og verkelegheit utviklar framsyninga kunnskap og innsikt som hjelper oss å forstå at det er mange måtar å vere menneske på.

Rimfrost Produksjoner og Hålogaland Teater fekk Heddaprisen 2018 – «Beste barneforestilling».

Om utøvarar og produsentar

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Rimfrost produksjoner SA

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Rimfrost produksjoner er eit profesjonelt teaterkompani som er samla kring målet om å skape stor scenekunst på små plasser. Kompaniet er leia av Kristine Myhre Tunheim (dagleg- og kunstnarleg leiar), Alexander Rindestu og Jeanette Solbakken. Gjennom ei kontinuerlig utforsking av form, tekst, sjanger og stil, søkjer gruppa å finne magien som oppstår i skjæringspunktet mellom historien, mennesket og samfunnet. Ensemblet står bak 12 produksjoner for barn og voksne.

Les mer om Rimfrost produksjoner her: www.rimfrostproduksjoner.no


Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Tobias og dagen det smalt
Foto: Marius Fiskum / Hålogaland teater
Tobias og dagen det smalt
Foto: Mari Lotherington
Tobias og dagen det smalt
Foto: Marius Fiskum/Hålogaland teater
Tobias og dagen det smalt
Foto: Mari Lotherington

Video/Lyd

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst / Teater
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnéansvarleg:
Nina Dworak - 48 99 49 40

Fagansvarleg:  Wenche Gausdal- 969 44 507
Kontaktperson utøvar
Alexander Solhaug Rindestu, arindestu@gmail.com , 98310442
Programlengde
60 min.
Maks publikumsantal
100
Arena / rom
Kulturhus / gymsal som kan blendes
Berehjelp
Ja takk! Gjerne 4 personer.
Oppriggingstid
120 min.
Nedriggingstid
75 min.
Rom/areal, breidd, lengde, takhøgde, veggareal
Gymsal / forsamlingshus / kulturhus. Det er viktig at rommet er stille og at det ikke er noe støylekkasje fra andre rom.
Scenebreidde i meter
9
Scenehøgde i meter
4
Scenedjupne i meter
9
Må blendast
Ja
Merknad for spelestad
Blending er veldig viktig! Ta kontakt dersom dette ikke lar seg gjøre. Garderober med speil, vask og toalett må være tilgjengelig. På grunn av store scenografielementer er det en fordel om det er direkte innlasting i det aktuelle spillerommet.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Norsk scenekunstbruk
Medverkande
  • Kristine Myhre Tunheim (Leder, skuespiller)
  • Jonas Delerud (skuespiller)
  • Alexander Solhaug Rindestu (skuespiller, teknisk ansvarlig)
  • Espen André Hansen (tekniker)