Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
"Sofia og Eliana frå Klangvegen" på bokbåten Epos,...
Produksjonsliste
Program

"Sofia og Eliana frå Klangvegen" på bokbåten Epos, nordturen H18 og sørturen V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Hausten 2018: Nordturen – måndag 19. november til onsdag 28. november

Kom og møt venane Sofia frå Finland/Sverige og Eliane frå Italia, og bli med inn i ei spennande verd av lydar. Sofia og Eliana leikar med det verbale og det musikalske språket, det vert song og vi får høyre det finske nasjonalinstrumentet kantele. Dei utforskar musikken sine klangar, og ulike musikalske karakterar vert forsterka med dans og rørsle, og skapar på den måten indre bilete for barna. I programmet finn vi musikk som er heilt stille og musikk som har sterke kjensle. Nord møter sør, mørke møter ljos og venskap bærer Sofia og Eliana gjennom alle dei ulike kjenslene musikken skapar i dei.

Programmet høver for barn frå 6 år.

På www.bokbaten.no finn de felles nettstad for bokbåten i to av Vestlandsfylka. Her finn de informasjon om bokbåttenesta, rutetider, og kulturprogram. Bilete viser glimt frå bokbåten i drift og frå livet om bord. Nettstaden inneheld også ei kartteneste der ein kan følgje bokbåten frå stopp til stopp langs Vestlandskysten.

Direktelenkje til kulturprogrammet på bokbåten.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Sofia Kortelainen og Eliana Morretti

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Sofia og Eliana har studert musikk i Austerrike, Italia og Finland.  Dei opptrer i heile Europa og forsterkar gjerne musikken med dans, song og rørsle.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Klangvegen
Foto: Sofia Kortelainen

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 6 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Sigrid Furnes, fylkesbiblioteket tlf 48991246
Arena / rom
På bokbåten Epos
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune