Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
"Gudespor – forteljerkunst, undring og filosofi" p...
Produksjonsliste
Program

"Gudespor – forteljerkunst, undring og filosofi" på bokbåten Epos, sørturen H18 og nordturen V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Hausten 2018: Sørturen – tysdag 6. november t.o.m.  fredag 16. november

Vi får høyre mektige vakre og morsame  myter frå den norrøne og greske gudeverda. Gjennom forteljingane får barn og vaksne møte forunderlege skapningar som alvar, underjordiske vesen, gudar, gudinner og urgamle jotnar.

Filosofen fabulerer, undrar og filosoferer samen med publikum.

Fantasi møter verkelegheit og fremjar nye perspektiv og spørsmål.

Framsyninga kombinerer forteljing og filosofisk samtale på en nyskapande og levende måte. Publikum er aktive, dei får sleppe kreativiteten og fantasien laus, og tankane deira vert utfordra og stimulert på mange vis. Det er ynskje om å gje barn og vaksne en meiningsfull og ugløymeleg oppleving.

Framsyninga høver for alle frå  4 - 104 år.

På www.bokbaten.no finn de felles nettstad for bokbåten i to av Vestlandsfylka. Her finn de informasjon om bokbåttenesta, rutetider, og kulturprogram. Bilete viser glimt frå bokbåten i drift og frå livet om bord. Nettstaden inneheld også ei kartteneste der ein kan følgje bokbåten frå stopp til stopp langs Vestlandskysten.

Direktelenkje til kulturprogrammet på bokbåten.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Marianne Stenerud og Ingunaya Myhre

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Marianne Stenerud er ein kreativ og røynd forteljarkunstnar. Ingunaya Myhre er ein leikande og spørjande filosof med tru på nærleik i samtale med barn og vaksne.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Gudespor
Foto: Gage Walker, unsplash.com

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: 4 år - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Sigrid Furnes, fylkesbiblioteket tlf. 48991246
Arena / rom
På bokbåten Epos
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune