Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Sjølvportrett - Kven er eg? Eit samansett bilete i...
Produksjonsliste
Program

Sjølvportrett - Kven er eg? Eit samansett bilete i glas.

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Speglingar, refleksjonar, gjennomsikt og illusjonar.
Eit spennande verkstadbesøk og møte med glas, glasverkstaden, kunst og ikkje minst – deg sjølv!

På S12 Galleri og Verkstad vil elevane få ei oppleving utanom det vanlege. Dei kjem på besøk til verkstaden i Bergen, der dei får oppleve korleis glas kan vere finurleg, by på mange alternativ og innehalde løyndomar. Elevane er med på å skape og forme eit sjølvportrett i glas!

I løpet av tre timar møter elevane glas som materiale, både varmt og kaldt. Det blir demonstrasjonar av ulike metodar for å gje glas form, og elevane erfarer korleis glas reagerer på omgjevnadane.

I tillegg til introduksjon til glas sine eigenskapar som materiale, let verkstaden elevane bli kjende med ein del av kunsthistoria, korleis kunstnarar gjennom tidene har arbeidd med portrett, og korleis dei har vald å uttrykke seg sjølve andsynes verda kring seg. Eit aktuelt tema i «selfie-samfunnet» i dag, og som ein i denne samanhengen ser på med kunsthistoriske auge.

I dialog med elevane ser ein på proporsjonar og uttrykte kjensler i portrett, før elevane sjølve lagar ei skisse på papir som dei overfører og tolkar ved å setje saman glasbitar på eit glasark. Oppgåva kan bli løyst på ulike vis, fokus er at eit sjølvportrett ikkje berre kan vere ein kopi av andletet, men seie vel så mykje om kven ein er.

Materialet som blir nytta er flatt glas i ulike former og fargar, små og store bitar. Desse blir sett saman etter elevane sine kreative blikk, og til sist smelta saman til eit heilt bilete i glas. Når glasportretta er ferdig brente (etter verkstaddagen), blir dei sende til skulen, klare til utstilling!

Forslag til etterarbeid: Skulen kan lage ei utstilling av portretta lokalt, anten på skulen eller annan eigna stad. Det er utarbeidd ei utstillarhandbok/manual med nyttige forslag til kuratering av utstilling av glasarbeid, som deltakarane får med seg frå verkstaden.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: S12 Galleri og Verksted

Om kunstnar / utøvar / gruppe

S12 Galleri og verkstad er eit kompetansesenter for glas som blei etablert i Bergen i 2007. S12 er senter for utforsking, eksperimentering og formidling av glaskunst i Noreg. Verksemda fokuserer på formidling av glaskunst gjennom utstillingar, kurs og gjestekunstnarordning. Les meir på deira heimeside.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Portrett 2016
Foto: S12 galleri og Verksted
Elevarbeid 2015
Foto: S12 Galleri og Verksted
S12 logo.jpg
Foto: S12 Galleri og Verksted

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst / Kunsthåndverk
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf 489 95 612
Programlengde
3 timar (10.00 - 13.00).
Maks publikumsantal
20
Arena / rom
Verkstadbesøket: S12 Garreri og Verkstad, Bergen sentrum.
Merknad
Hordaland fylkeskommune dekkjer ev. reiseutgifter til og frå S12 Galleri og Verksted. 
​Sjå vedlegg.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune