Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Klykken trio
Produksjonsliste
Program

Klykken trio

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Veit du kva eit stev er? Eller ein slått? Trioen garanterer at de veit det etter denne konserten!


Klykken trio er Anne Gravir Klykken og trommeslagarane Snorre Bjerck og Helge Norbakken som syng og spelar norske, tradisjonelle stev og slåttar. Saman med leikande rytmar spelt på afrikanske trommer og kalimba, lagar dei ei spanande og annleis blanding av tradisjonsmusikk og moderne uttrykk. I denne konserten møtes stev, stubbar, balladar og viser i ein rytmisk konversasjon der både norske slåtteelement og påverknad frå vest-afrikansk musikk kjem fram.

Kulturtanken sitt programråd skriv dette i si evaluering:​​​​​​​
Vi høyrer sterke utøvarar i virtuost samspill. Arrangementa er innovative. Dei er strippa ned og går attende til tradisjonen, samtidig som dei tilfører heilt nye element. Trioen syner høg originalitet i ein sjeldan besetning. Her er suverent dyktige perkusjonistar og dyktig songar med god tekstformidling. Dei er særs godt samspelte, og dei tre musikarane viser stor formidlingskompetanse.
Programmet har god musikalsk variasjon.

Innovative tolkingar av tradisjonsmusikk er alltid relevant; det er der fornying skjer. Dei formidlar sine versjonar av tradisjonsstoff frå Norge og Afrika, og dei har gjort stoffet til sitt eige. Tradisjonell folkemusikk er relevant, både norsk og afrikansk.

https://www.facebook.com/1529886770572880/videos/1530658383829052/

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Anne Gravir Klykken, Snorre Bjerck, Helge Norbakken

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Klykken trio  har sitt utspring i Telemark, nærare bestemt Skiens-området, men medlemmene representerer både nord, vest og aust i Noreg.

Songar Anne Gravir Klykken er frå Skien og har si musikkutdanning frå Høyskolen i Oslo, Agder musikkonservatorium og høyskolen i Telemark– institutt for folkekultur.
Helge Andreas Norbakken er frå Tromsø og har slagverk og perkusjon som hovudinstrument. Han studerte ved Trøndelag musikkonservatorium.
​​​​​​​Snorre Bjerck kjem frå Florø, og har budd i Bergen i mange år. Han har også perkusjon som sitt hovudinstrument, noko han studerte ved jazzlina på NTNU i Trondheim.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Klykken trio.jpg
Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: VG1 - VG3
Turnéplan: Klykken trio
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Kontaktperson utøvar
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantal
220
Arena / rom
Auditorium, gymsal eller det rommet skulen nyttar for å samle eit større publikum.
Oppriggingstid
50 min.
Nedriggingstid
40 min.
Merknad
Ynskjeleg med berehjelp inntil 4 personar når dei kjem til skulen, for å kome raskt på plass. på spelestaden.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune