Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
BIT Teatergarasjen presenterer (BIT Teatergarsjen...
Produksjonsliste
Program

BIT Teatergarasjen presenterer (BIT Teatergarsjen)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

BIT Teatergarasjen inviterer til to ulike danseframsyngar fredag 19. oktober under Oktoberdans!


1. Carousel
 (Human Works NOR)

Carousel handlar om kunsten å danse saman. I en tid som viser kor lett den politiske røynda let seg manipulere med ord. Der sanning og løgner får eksistere side om side, leitar Human Works etter ei slags sanning eller ærlegdom i det fysiske nærværet, ei som ikkje så lett lar seg manipulere, kor vi må halde oss til tyngdekrafta, tida og kvarandre. 

Koreografien er utvikla gjennom kinestetikk, kroppen sitt djupe sanseapparat, som ein kan kjenne på når ein ser for seg sin eigen kropp eller den ein er i berøring med medan ein har auga lukka, og som finn andre meiningar og moglegheiter i rørsler og gestar enn i blikket. Det er ikkje alltid vi tillèt fysisk kontakt å lede opplevingane våre, men det er naturleg i private relasjonar, som mellom kjærestar, eller mellom foreldre og born, og i meir offentlege aktiviteter som i kamp- og lagsport. I improvisert pardans er den fysiske kontakten og blikket utanfrå heilt essensielt. Sandra Kolstad har utvikla musikken med harmoniar som går i sirklar, og som stadig og umerkeleg forskyver det utganspunktet den vender attende til, eit suggererande og rytmisk verk.



2: Softcore- A Hardcore Encounter
(Lisa Vereertbruggen – BEL)

Softcore er ei danseframsyning, og samstundes eit kroppsleg føredrag, om og til tonar frå den frenetiske technomusikken med 150 beats i minuttet som oppsto på gratisfestar og klubbar tidleg på 1990-talet. Den gir oss ei hektisk oppvising i partykulturen med uttrykk som hardcorekropp, hardcorerom og hardcoretid, men framsyninga snur alt opp ned og viser at hardcore både er mjuk og utan noka kjerne.

Hardcore tekno er softcore dans og koreografi, for det ein lengtar etter i denne danseforma er endring og kjensler i seg sjølve. Lengten er ikkje retta mot ein annan, og heller ikkje mot seg sjølve. Dansen er sensuell, i stadig flyt og i eit stadig følande tilhøve til dei andre kroppane på dansegolvet og musikken. Desse kroppane er ikkje harde, men inderleg mjuke og gjennomskinlege. Utøvaren dansar, snakkar, kviler, føler, okkuperer, dansar, dansar – og blir att i hardcore.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: BIT Teatergarsjen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Om BIT Teatergarasjen og Oktoberdans: Les meir på deira heimeside: http://bit-teatergarasjen.no/

Multimedia og vedlegg

Bilete

Softcore- A Hardcore Encounter
Foto: Alessandro Sala
Carousel - "Dance around the maypole"
Foto: Pieter Brueghel the younger (1625)

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst / Dans
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Programlengde
Carousel: 60 minutt. Softcore - A Hardcore Encounter: 40 minutt.
Merknad
Merk at framsyningane er på to ulike spelestadar:Carousel: Røkeriet, USF, Verftet Bergen sentrum.
Softcore - A Hardcore Encounter: Hordaland kunstsenter, Klosteret 17, Bergen sentrum.​​​​​​​Reise til framsyningane: Hordaland fylkeskommune dekkjer ev. reiseutgifter når det er trong for transport til formidlingsstaden.  ​​​​​​​
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune