Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Din tur
Produksjonsliste
Program

Din tur

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ein litterær produksjon om vanskelege val, og korleis hovudpersonen sine val avgjer retninga i ei forteljing.


Din tur er ein litterær produksjon som bygger på Renate Nedregård sin ungdomsroman Det er  min tur nå. Temaet er val, ansvar for eigne val, og korleis dei vala vi tar får konsekvensar, kanskje for resten av livet.

Elevane vil lære grunnleggjande element i klassisk historiefortelling og karakterutvikling. Målet er å vise korleis val vert nytta bevisst som verkemiddel i historieforteljing.

Produksjonen legg opp til tett interaksjon med elevane. Ved hjelp av grøne og raude lappar skal klassen vere med på å avgjere kva val hovudpersonen skal ta, og kor historia skal gå. Slik vil elevane bli medvitne om korleis hovudpersonen sine val kan brukast til å avgjere retninga i ei litterær forteljing.

Elevane får høve til å skissere eit plot til ei historie, basert på det dei har høyr og lært. Forfattaren summerer til sist korleis ein kan byggje opp ei klassisk historie. Elevane vil lære om grunnleggande emne som må vere med i ei forteljing, med fokus på plot, framdrift og karakterutvikling.

Etter besøket skal elevane vere i stand til sjølve å skrive ei klassisk historie, bygd rundt ein hovudperson som må gjere val, der dette valet skapar framtida i historie, og endring hos hovudpersonen.

Forslag til førebuing:
Det er ynskjeleg, men ikkje ei føresetnad, at elevane har lese boka før forfattarbesøket.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Renate Nedregård

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Renate Nedregård er forfattar av både fakta- og skjønnlitteratur. Ho har utgitt to ungdomsromanar, to faktabøker for vaksne, ein historisk biografi for born, og skriv no på sin andre biografi for born. Ho har i tillegg bakgrunn som journalist, og spesialkompetanse på munnleg formidling.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Bokomslag
Foto: Cappelen Damm forlag
Portrett Renate Nedregård
Foto: Joar E. M. Klette

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur / Forfatterbesøk
Trinn: VG1 - VG3
Turnéplan: Din tur
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Programlengde
90 minutt.
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
10 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune