Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Vi lagar Fanzine!
Produksjonsliste
Program

Vi lagar Fanzine!

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Fanzine er ein måte å uttrykke seg sjølve. Ei fanzine er eit kreativt, sjølvprodusert hefte, og kan likne ein blogg, men med ei friare, fysisk tilnærming – eit inkluderande kunstformat som tillét fleire formuttrykk og kunstnarlege nivå.


Fanziner har eksistert sidan 1930-talet, og er særmerkte som sjølvlaga hefte, ofte laga på ein kopimaskin i eit lite opplag.

Fanzina har utvikla seg til å bli eit kunstmedium. Den blir stadig meir profesjonell i produksjonen, men har likevel sine røter godt planta i «gjør-det-sjølv-kulturen», som gjer at sjangeren er open for alle typar kunst og appellerer til både etablerte og amatørar.

I denne produksjonen får vi presentert kva fanzine er, frå opphavleg informasjonsmedium til korleis fanzina i dag blir nytta innan visuell og litterær kunst. Til inspirasjon får elevane sjå døme på ulike fanziner frå heile verda og til ulike tider. Vidare lagar dei ei fanzine saman, over eit tema utøvarane presenterer. – Kvar elev lagar ei side som deretter blir kopiert på skulen sin kopimaskin. Til slutt set utøvarane og elevane det heile saman, og alle endar opp med kvar sitt eksemplar av den felles fanzina!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Bergen Zines med Ann-Kristin Stølan og Fredrik Rysjedal

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Bergen Zines er eit initiativ som har som mål å auke kjennskap til fanziner; kva det er, har vore og kan vere. Bergen Zines har sidan 2011 halde kurs, delteke på kunstmesser og organiserer jamleg arrangement som fremmar fanzinekultur.

Les meir på deira heimeside: www.bergenzines.no



Multimedia og vedlegg

Bilete

Pamflett Anki og Fredrik
Foto: Bergen Zines

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: VG1 - VG3
Turnéplan: Vi lagar Fanzine!
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Kontaktperson utøvar
Ann-Kristin Stølan, tlf. 473 88 821
Programlengde
2 + 1 skuletimar; pause, lunsj el. l. med tid til kopiering mellom 2. og 3. time.
Maks publikumsantal
25
Arena / rom
Klasserom, arbeidsrom eller annan eigna stad på skulen. Tilgjenge til fargekopimaskin på skulen.
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
30 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune