Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Staden i skrift og skriving
Produksjonsliste
Program

Staden i skrift og skriving

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Kvar er det eigentleg vi kjem frå? Kjem vi frå ein spesifikk stad, eller lagar vi oss eigne mentale stadar som skil seg frå det som finst i røynda?


Den staden vi kjem frå er avgjerande for korleis vi forstår oss sjølve. Tilhøvet til vår eigen stad påverkar også korleis vi tenkjer og formulerer oss. Sivert Nesbø reflekterer kring spørsmål i tilknyting til dette emnet.

Kvar er det vi eigentleg kjem frå?
Kjem vi frå ein spesifikk stad, eller lagar vi oss mentale stadar, som skil seg frå det som finst i røynda?
Korleis blir stadar til, og kven er det som er med å skapar dei?
Er det mogleg å verkeleg kjenne ein stad?

I dette formidlingsopplegget snakkar forfattaren om staden i skrift og staden i skrivinga. Korleis ein stad kan påverke dei skriftene som blir til, og korleis ein stad blir skapt og halde ved like gjennom det vi skriv, seier og formidlar gjennom tekstar med ulike særdrag.

Nesbø nyttar døme frå nyare litteratur, både norsk, engelsk og annan europeisk. Han les også utdrag frå eigne bøker, og knyter desse til tematikken.

Forfattarbesøket er meint å gje inspirasjon og grunnlag for kreative og reflekterande tekstar i elevane sitt skrivearbeid seinare.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Sivert Nesbø

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Sivert Nesbø er forfattar frå Førde, no busett i Bergen. Han har gitt ut to romanar, vore redaktør i eit litteraturtidsskrift og bidratt i fleire tidsskrift og antologiar. Han har også praktisk-pedagogisk utdanning, og har arbeidd som lærar i ungdomsskulen.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Sivert Nesbø
Foto: Anna Julia Granberg / Blunderbuss.

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur / Forfatterbesøk
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Programlengde
45 - 60 minutt
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom, bibliotek, lite auditorium eller anna på skulen.
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
5 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune