Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Lokal BIFF 2018: Skandinavia
Produksjonsliste
Program

Lokal BIFF 2018: Skandinavia

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Skandinavia rommar mykje, og folk med  heilt ulik bakgrunn lever her. Dei har ulike draumar om kva tyding Skandinavia kan ha for deira ytringsfridom, identitet og levekår. Lever Skandinavia opp til  forventingane?

Festivalframsyning av dokumentarfilmar og møte med regissørar, filmarbeidarar og/eller aktørar i filmane.

BIFF arrangerer enno ein gong lokal BIFF på utvalde kinoar/kulturhus/skulestader i Hordaland utanom Bergen. Tilbodet er utarbeidd særskild som lokal BIFF, og skil seg frå BIFF sitt ordinære dokumentarfilm-program til vidaregåande skular i Bergen.

Elevane blir inviterte til ein heil festivaldag på sin lokale kino, med framsyningar av dokumentarfilmar i ei anna ramme og setting enn det som har vore vanleg tidlegare.  

BIFF har vald ut heilt nye dokumentarfilmar som er henta inn frå dei største festivalane i verda, og som har vekt oppsikt mange stadar. Filmane blir viste i eige program, innanfor skuletida.

Elevane får sjå tre filmar. Filmskaparar, andre filmarbeidarar eller dei som medverkar i filmane, er til stades under framsyningane. Alternativt vil fagfolk som er godt kjende med emna som blir tekne opp vere med på dette opplegget. Dei innleier filmane med å presentere arbeidet sitt for elevane.

​​​​​​​Kort om filmane:

Forteljingar om mot:
Regi: Kari Klyve-Skaug. Noreg 2018. Norsk m. fl. tale, norsk tekst.
Modige mennske bur  i blant oss. møt fire flotte forfattarar frå Jemen, Kenya, Tsjetsjenia og Iran som bur i Noreg. Alle har flykta frå land  der dei var truga  grunna sitt arbeid - men heller ikkje  her  i Veste-Europa er  ytringsfrisomen grenselaus.
Sjå eigenomtale Forteljingar om mot.

The Dry Valley:
Regi: Julie Lunde Lillesæter og Julia Dahr. Noreg 2018. Engelsk og svensk tale, engelsk tekst.
Landsbyen  Valea Seaca bir kalla Lille Skandinavia. dei fleste innbyggjarane har vore nordover i Europa for å tene pengar.  Alle drøymer om ei betre framtid, og Bianca på 14 år  vil bli politi. Denne varme og fine filen har  nye perspektiv på romfolk i Skandinavia.
Sjå eigenomtale The Dry Valley. ​​​​​​​​​​​​​​

Silvana:
Regi: Gustafson, Kastebring og Tsiobanelis. Sverige 2017. Svensk tale, engelsk tekst.
Silvana Imam er ein svensk rappar  med sjernestatus. Hennar tekstar  krinsar kring sexisme, homofobi og rasisme. I eit splitta Sverige er ho ei rå og kompromisslaus røyst  som  med stor  kraft vinn respekt. 
Sjå trailer Silvana.

Etter kvar film er det sett av tid til dialog mellom salen og filmskaparane, der elevane er oppmoda om å kome med eigne synspunkt, spørsmål og kommentarar.

Pedagogisk materiell - forslag til føre- og etterarbeid:

BIFF har utarbeidd eit enkelt undervisingsopplegg knytt opp mot dei utvalde filmane, med forslag til føre- og etterarbeid til festivalbesøket. Lenkje til dette finn de i  høgremenyen - "vedlegg".

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Bergen internasjonale filmfestival - BIFF

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Om Bergen internasjonale filmfestival: Sjå BIFF si heimeside.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Logo
Foto: Bergen internasjonale filmfestival - BIFF

Publikumskommentarar:

1

Fusa vgs skal delta på BIFF / Os, Oleana, - skulle gjerne og kommet inn på linker m info / bilder etc
Skrive av Beate Hope (Fusa vgs, 2KDA / 3KDA) - 22.8.2018 13:39
Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Film
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Kontaktperson utøvar
Ingebjørg Aarhus Braseth, tlf. 984 94 866
Programlengde
Heildag, ca. 4t. 40 minutt, inkl. tre filmframsyningar.
Maks publikumsantal
500
Arena / rom
Lokal kino, kulturhus eller annan eigna visningsarena.
Merknad
Pedagogisk materiell: Filmstudieark blir distribuert før festivalstart.​​​​​​​
Transport: Hordaland fylkeskommune dekkjer ev. reiseutgifter når det er trong for transport til festivalstaden. Sjå vedlegg.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune