Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Kvervel - poesikonsert! V19
Produksjonsliste
Program

Kvervel - poesikonsert! V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Sjangeroverskridande konsert som femnar om musikk, litteratur og media.


Poesi er eit språk som gjer at vi må lytte. Poesien står i dialog med og i kontrast til nyhendesråket, reklamespråket og debattspråket vi blir bombardert med dagleg. I poesien kjem vi nært noko vi kjenner at vi treng, noko vi ikkje heilt veit kva er, men som rører oss, vedkjem oss.

Kvervel er ein sjangeroverskridande konsert som femnar om musikk, litteratur og media. I konserten får vi presentert Karl Seglem sin poesi i kombinasjon med eigenkomponert og improvisert musikk, og eit visuelt uttrykk. Trioen vågar å utfordre publikum, og involvere dei konkret. Deira mål er å skape lyd, samklang, ord og bilete som kan opne opp noko nytt i kvar og ein. Både musikken og poesien som blir presentert er påverka av naturen og den urkrafta den innehar, og trioen formidlar den poetiske krafta i oss sjølve og naturen. Konserten opnar opp for å sanse poesien meir enn å forstå han. Musikarane inviterer elevar/lærarar til dialog gjennom lytting, samhandling og samskaping.

Forslag til førebuing/etterarbeid:
Skular som ønskjer det, kan få eit vidare omfang av tilbodet enn berre konsertopplevinga, gjennom eit samarbeid med utøvarane om utstrakt arbeid i førekant, m. a. diktskriving og konkret førebuing knytt opp mot norskfaget. Elevane sine dikt vil då bli vevd inn i konserten.

Tilleggstilbodet er under utarbeiding og ikkje ferdig produsert. Detaljert omtale vil kome seinare.


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Karl Seglem, Lars Jakob Rudjord, Jonas Howden Sjøvaag, Knut Sævik

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Karl Seglem: Poesi, tenorsax, bukkehorn, elektronikk.
Lars Jacob Rudjord: Tangentinstrument, elektronikk.
Jonas Howden Sjøvaag: Trommer, perkusjon,.

Trioen har samarbeidd i mange samanhengar, og har tidlegare presentert Karl Seglem sin poesi i kombinasjon med eigenkomponert og improvisert musikk på festivalar i Noreg og utlandet, m. a. på Nattjazz og Festspillene i Bergen.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Karl seglem.jpg
Foto: Morten Lindborg

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kunstarter i samspill
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Kontaktperson utøvar
Karl Seglem, tlf. 924 56 269
Programlengde
40
Maks publikumsantal
100
Arena / rom
Aula, auditorium, konsertsal, gymsal eller det rommet skulen nyttar fo å samle eit større publikum. Alternativt kulturhus/leigd lokale nær skulen.
Berehjelp
Ynskjeleg med berehjelp frå fire personar.
Oppriggingstid
70 min.
Nedriggingstid
40 min.
Merknad
Transport: Hordaland fylkeskommune dekkjer ev. reiseutgifter viss det er trong for transport til alternativ spelestad. Sjå vedlegg.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune