Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
UTGÅR Razika - konsert!
Produksjonsliste
Program

UTGÅR Razika - konsert!

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Forrykande, allsidig konsert med dei kjende damene i det bergensbaserte bandet Razika!

Ein av dei mest spenstige norske debutane i 2011 kom frå fire 19 år gamle jenter frå Bergen, inspirert av norsk punk og nybølgjemusikk. Musikken til Razika er skildra som ein usedvanleg frisk kombinasjon av indie, ska, reggae, himmelske poprefreng og rufsa attityde.

Bandet har vidareutvikla musikken sin, og med norske tekstar leverer dei historier som på same tid er uskuldige og opprørske, romantiske og frekk, omgitt av eit fengjande lydbilete.

Razika er ofte omtala som eit «jenteband», og har i stor grad engasjert seg i debatten om likestilling i musikkbransjen. Dei er ikkje redde for å seie kva dei meiner, om det er snakk om deira ståstad i konflikten mellom Palestina/Israel, dumping av gruveavfall i Førdefjorden eller fordommar mot kvinner i musikkbransjen.

Som eitt av særs få band i Noreg som er samansett av berre kvinner, er Razika førebilete for mange unge jenter, og vil gjerne inspirere til skaparglede hos jenter.

Tematikken i låtane viser kjensler born og unge lett kjenner seg att i, og tekstane blir kommunisert på ein underhaldande måte.

Forslag til førebuing:
Sjå gjerne minidokumentaren «Evig kamp» frå 2014 med elevar i førekant av ein konsert: http://bit.ly/2ilLK43


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Razika

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Marie Amdam - vokal/gitar
Marie Moe - bassist/kor
Maria Råkil - vokal/gitar
Embla Karidotter - trommer/vokal
Lydteknikar

Les meir om gruppa på deira heimeside.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Razika.jpg
Foto: Razika
Razikakolasj.jpg
Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk / Pop/rock
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612.
Programlengde
45
Arena / rom
Aula, auditorium, gymsal eller det rommet skulen nyttar til stort publikum. Alternativt kulturhus/leigd lokale nær skulen.
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
Tal på publikum: Berre avgrensa av spelestaden. Mange - gjerne heile skulen!​​​​​​​
​​​​​​​
Transport: Hordaland fylkeskommune dekkjer reiseutgifter om det blir nausdsynt med transport til alternativ spelestad. Sjå vedlegg.​​​​​​​
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune