Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Engelen frå Kobane (Hordaland Teater)
Produksjonsliste
Program

Engelen frå Kobane (Hordaland Teater)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Engelen frå Kobane er ein monolog som er spunne rundt historia om ei ung kurdisk jente som vart verdskjent gjennom sosiale medier da Kobane vart angrepen av IS i 2014. Gjennom sin medverknad i motstandsrørsla skal ho ha drepe over 100 IS-soldater, før ho sjølv mista livet i kampane.​​​​​​​

​​​​​​​

Rehana er ei heilt vanleg tenåringsjente som veks opp i ein liten landsby i Syria, nær grensebyen Kobane. Hennar store draum i livet er å studere jus, sjølv om faren vil at ho heller skal ta over garden.  Ein dag kjem faren og fortel at skulen er stengt på grunn av sjukdom. I staden for å lese, må ho stille til skytetrening i frukthagen.

I 2014 dukka det opp bilete av ei ung, militært kledd kurdisk jente i sosiale media. Biletteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar i dei harde kampane som den kurdiske motstandsrørsla utkjempa for fridom i grensebyen Kobane. Kven jenta eigentleg var, visste ingen, anna enn at ho heitte Rehana og studerte jus. Hennar heltemot vekka oppsikt verda over, biletet vart delt fleire tusen gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane».

Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing basert på denne myta. Men alt som skjer i historia har skjedd, og skjer framleis, i verda, i dag. Gjennom dei umenneskelege vala og utfordringane Rehana vert stilt ovanfor, får vi eit tankevekkjande innblikk i kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria.  Ein krig som har skapt den største humanitære tragedien i vår tid, og der halve befolkninga er drive på flukt.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Hordaland Teater

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Hordaland Teater er regionteateret for Hordaland og vart etablert i 1988. Teateret spelar på nynorsk og dialekt, og har ei forankring i det vestnorske.
Dei satsar også på ny dramatikk, og har fast scene på Logen i Bergen.
les meir på deira heimeside.

Madalena S. Helly-Hansen:
Skodespelar, utdanna ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (no Nord Universitet). 

Multimedia og vedlegg

Bilete

Engelen frå Kobane
Engelen
Foto: Hordaland teater

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst / Teater
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 489 95 612
Kontaktperson utøvar
Eli Versto, tlf. 900 10 598
Programlengde
70
Maks publikumsantal
60
Arena / rom
Stort/dobbelt klasserom, aula eller liknande. Stort, flatt golv med best mogleg blending.
Oppriggingstid
120 min.
Nedriggingstid
60 min.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune