Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Tokt med seglkutteren Seladon V19
Produksjonsliste
Program

Tokt med seglkutteren Seladon V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ei mangefasettert oppleving og solid læring om bord på Seladon. Ein dag med stor grad av elevmedverknad, praktisk og teoretisk arbeid, samt ein frisk dag ute på sjøen.


Seladon er ein sertifisert seglslupp med plass til 35 personar. På tokt med denne skuta vil ein lære om historie, kulturarv, navigasjon, knutar, segling, sjømannskap, styring og korleis å te seg på sjøen.

Opplegget ombord er ein kombinasjon av praktisk sjømannskap på den eine sida, der elevane får prøva seg på dei ulike arbeidsoppgåvene som skal til på ei seglskute.
På den andre sida handlar det om kulturarven vår, då Seladon er tilnærma lik det fyrste norske utvandringsfartøyet "Restauration". Den historia får vi høyre ombord, og det vil gje eit utgangspunkt for refleksjonar kring parallellar og skilnadar til menneske som er på flukt i dag.

Mannskapen fortel:
På Seladon er vi  romslege og opptekne av å gi ros! det er viktig for oss å gi medsiglarane sjansar til å arbeide, læra, ta ansvar og meistre nye ting.Vi køyrer grunnopplæring med navigasjon, knop og stikk, utkikk og fortøying.
Vidare fortel vi historier, og vi syng gjerne! Vanlegvis let vi vinden og straumen fortelja oss kvar vi skal.
Når alle må høyre noko eller få instruksar, kling skipsklokka.
Kvar dag er unik; proppfull av inntrykk og læring!

Alt dette får vi oppleve noko av på toktet med Seladon!

Praktiske opplysingar:

  • ​​​​​​​Det er redningsvestar til alle ombord, men ta gjerne med eigen i passeleg storleik om de har
  • Det er toalett ombord
  • Ta med matpakke/lunsj og gjerne noko varmt å drikke. Mannskapen kan koke vatn om bord om de vil ha med "Rett i koppen" eller liknande
  • Hugs gode klede, særleg vindtett jakke. Kvite klede og sko på eige ansvar

Velkomne ombord!



              Om utøvarar og produsentar

              • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
              • Kunstnarar / grupper: Smedholmen kyst og naturlivskule

              Om kunstnar / utøvar / gruppe

              Les meir om Smedholmen kyst og naturlivskule på deira heimeside

              Multimedia og vedlegg

              Bilete

              Seladon for fulle segl
              Foto: Harry Odland
              Medsiglarar
              Foto: Harry Odland

              Publikumskommentarar:

              Namn:
              Skule:
              Klasse:
              Kommentar:
              Kulturarv
              Trinn: VG1 - VG3
              Praktisk informasjon
              Kontaktperson produksjon
              Arnulf Henriksen, tlf 489 95 612
              Kontaktperson utøvar
              Julie Skare, 990 36 683
              Programlengde
              3 timar tokt.
              Maks publikumsantal
              35
              Arena / rom
              Ombord i Seladon ut frå kai så nær skulen som råd.
              Merknad
              Øvre grense for medsiglarar på 35 er absolutt grunna passasjerløyve. Sjå òg praktiske opplysingar nedst i omtalen.​​​​​​​
              ​​​​​​​Til og frå kai:
              Hordaland fylkeskommune dekkjer reiseutgiftene når det er naudsynt med transport til kaia der Seladon ligg. Sjå vedlegg.
              Vedlegg
              Arrangørar
              Arrangert av:
              Hordaland fylkeskommune