Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Ornette for ungane - V19
Produksjonsliste
Program

Ornette for ungane - V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ornette for ungane er eit prosjekt som tar utgangspunkt i dei barnlege komposisjonane til jazzsaksofonisten Ornette Coleman. Ornette sin filosofi er at all musikalitet er verdifull, - same kva for eit nivå ein er på.

Musikarane har ein workshop med ei gruppe elevar, og saman skapar dei ein konsert med fri improvisasjon! For musikarane er det viktig å vise at all musikalsk deltaking er bra, sjølv om ein ikkje er proff. 

Lærarrettleiing

Workshop

Skulane vel ut ei gruppe på 6 til 12 elevar som møter musikarane 20 minutt før konsertstart. Desse skal vere med på workshopen og konserten. Dersom dei spelar eit instrument, kan dei gjerne nytte dette, eller dei kan få låne perkusjonsinstrument frå musikarane. Instrumentale ferdigheiter er ikkje naudsynt! Alle kan bidra i leiken kring Ornette Coleman sin musikk. Dersom det er to konsertar på same skule, ber vi om at den same elevgruppa er med begge gongane. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Kjetil Møster (21.01 - 25.01)/Jon Irabagon (11.02 - 22.02) (saksofon)
  • Stein Urheim (gitar)
  • John Hegre (gitar)
  • Nils Are Drønen (trommer)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Ornette Coleman
Foto: Jimmy Katz

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Programlengde
20 minutts workshop + 40 minutts konsert
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Oppvarma gymsal eller skulen sitt konsertlokale
Workshop
6-12 elevar stiller til workshop 20 minutt før konsertstart.
Berehjelp
Fint om 6 elevar stiller som berehjelp
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Straum
Det må vere tilgang til straumuttak.
Scene
Må ha plass til band med trommer, forsterkarar og PA, samt 4 vaksne og 6 - 12 barn på scena.
Merknad
Elevgruppa som deltek treng stolar på scena.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Kjetil Møster (21.01 - 25.01)/Jon Irabagon (11.02 - 22.02) (saksofon)
  • Stein Urheim (gitar)
  • John Hegre (gitar)
  • Nils Are Drønen (trommer)