Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Bach goes hip hop V19
Produksjonsliste
Program

Bach goes hip hop V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Endeleg skal Werner få framføre musikk skriven av sin favorittkomponist, Johann Sebastian Bach. Musikken er komponert spesielt for Werner sitt elskede instrument, celloen!  I salen sit eit lydhørt publikum! Alt ligg til rette for ein flott klassisk konsert. Hadde det ikkje vore for David og Ole Petter... Dei har hovudet fylt av heilt andre ting!

Lærarrettleiing

Forarbeid til konserten

Det er fint om de kan øve inn/friske opp refrenget på Knutsen & Ludvigsen sin melodi "Eg ve te Bergen".

På høgre side, under "Vedlegg" finn de teksten, og under "Lenker" kan de høyre Knutsen & Ludvigsen sin versjon.

Vi ber om at de blandar klassane. Anten ved å sende 1., 3., 5. og 7. klasse til ein konsert og 2., 4. og 6. til neste, eller at de delar opp i A- og B-klassar.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Utøvarane i samarbeid med produsent

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Werner Bryn (cello) jobbar som frilans musikar og dirigent i Bergensområdet, og han underviser i Kulturskulen. Han har Master i utøvande musikk frå Griegakademiet, i tillegg til allmennlærarutdanning frå Høgskolen i Bergen.

David Bryn, Werner sin lillebror, er profesjonell dansar med base i Bergen. Han har i fleire år heldt på med utøvande hip hop/breaking/akrobatisk dans, ofte med fokus på det humoristiske i formidlinga. David er mykje nytta som danseinstruktør.                          

Saman med Ole Petter Knarvik starta David danseduoen Funky2 , og dei kom til semifinalen i Norske Talenter (2014). Ole Petter var med på å starte Absence Crew for 15 år sidan. Som dansar i Absence  har han vunne NM i breaking og vore finalist i Dansefeber og Norske Talenter. 


Medverkande

  • Werner Bryn (Cello)
  • David Bryn (Dans)
  • Ole Petter Knarvik (Dans)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Bach goes hip hop

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
SPØRSMÅL OM KONSERTPLANEN
Turnélegger Hanne-Brit Iversen
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
E-post:Hanne-Brit.Iversen@hfk.no                      Tlf. 489 95 639

SPØRSMÅL OM PROGRAMMET
Produsent Wenche Gausdal
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
E-post:Wenche.Gausdal@hfk.no
Tlf.: 969 44 507
Programlengde
35
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Gymsal eller liknande
Berehjelp
Fint om 4-6 elevar stiller som berehjelp
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
20 min.
Merknad om publikumsplassering
Utøvarane står på kortveggen med publikum i vifteform på matter, benker, stolar. NB! Avstand mellom kortvegg og publikum er 6 meter.
Scenedjupne i meter
6
Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Werner Bryn (Cello)
  • David Bryn (Dans)
  • Ole Petter Knarvik (Dans)