Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Univers av klang
Produksjonsliste
Program

Univers av klang

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Tre profilerte utøvarar kjem saman for å finne eit felles univers av klang. 

Sfærisk musikk. Musikk som gir ein lyst til å kikke på stjernene og undra seg over universet, kosmiske mysterium, galaksar og menneska sin plass i alt dette store. Eller lukka auga og finna sin eigen indre stjernehimmel.

Drøymemusikk, kosmisk musikk, meditativ musikk, musikk til stjernehimmelen og universet.

Har universet sin eigen klang? Si eiga rytme? Musikarane vil skapa klangar med bruk av tradisjonelle, så vel som meir eksotiske instrument og stemmer.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Marie Kristin Dale  kalla MK frå tidleg alder byrja å spela gitar då ho var 13, for broren hennar hadde ein. Ho stal gitaren hans og ville bli like god som storebror. Med bandet sitt MKs Marvellous Medicine fekk ho Spellemannsprisen i 2017 i kategorien blues.

Jørgen Sandvik har vore medlem av bandet Real Ones i meir enn 20 år. I tillegg har han i sitt eige bluesband, Permanent Vacation. Han har ofte bidratt på innspillingar til m.a. Inger Lise Størksen, Sigrid Moldestad, Gabriel Fliflet og Ole Paus.

Helen Eriksen debuterte som soloartist  med eige materiale og hiphopmeister Tommy Tee som produsent på den legendariske amerikanske jazz-etiketten Blue Note Records i 1996. Ho er låtskrivar, saxofonist, songar, arrangør, tekstskapar og studiofreak.   


Medverkande

  • Marie Kristin Dale ( Gitar, bass, song)
  • Jørgen Sandvik (Gitar, sitar, bass, song)
  • Helen Eriksen (Saksofon, keyboard, song)

Elevorientering

Elevmedverknad

Helen, Marie Kristin og Jørgen treng hjelp av 6 elevar til å spele perkusjon på ein låt. Sidan dei ikkje speler trommer sjølve, hadde det vore fint om elevane kunne nytte skulen sine rytmeinstrument som til dømes djembe, tamburin, shaker, claves (rytmepinnar), woodblock, trommer, kubjølle, e.l. Elevar med kvart sitt rytmeinstrument møter musikarane 5-10 minutt før konsertstart. 

Alle elevar er med på songen "Eg e' en astronaut". Teksten finn de til høgre - under Vedlegg, og de kan høyre songen i videosnutten på toppen.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Universe
Foto: Dorella Rosi
Helen Eriksen.jpg
Foto: Blue Note Records
Marie Kristin Dale
Foto: Øyvind Toft
Jørgen Sandvik
Foto: Arne Ristesund

Video/Lyd

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 1 - 7
Turnéplan: Univers av klang
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
SPØRSMÅL OM KONSERTPLANEN
Turnéleggjar Hanne-Brit Iversen
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
Tlf. 489 95 639/ 92 24 16 57                                 E-post: Hanne-Brit.Iversen@hfk.no                      SPØRSMÅL OM PROGRAMMET
Produsent Wenche Gausdal
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
Tlf.: 969 44 507 / 97 68 76 36              ​​​​​​​                E-post:Wenche.Gausdal@hfk.no
Kontaktperson utøvar
Helen Eriksen, mobil 95 75 10 73
Programlengde
35 minutt
Maks publikumsantal
150
Arena / rom
Gymsal eller skulen sitt konsertlokale
Berehjelp
Fint om 6 elevar stiller som berehjelp
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
6 elevar med kvart sitt rytmeinstrument møter musikarane 5-10 minutt før konsertstart.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Marie Kristin Dale ( Gitar, bass, song)
  • Jørgen Sandvik (Gitar, sitar, bass, song)
  • Helen Eriksen (Saksofon, keyboard, song)