Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Å sette bilder på orda - H18
Produksjonsliste
Program

Å sette bilder på orda - H18

Å setje bilder på orda er ei utstilling med tilhøyrande fotoverkstad.

I utstillinga vert verk av Siv Bugge Vatne, Solveig Sumire Sandvik og Eva Ljosvoll formidla. Utstillinga inneheld tre fysiske skulpturar og tre videoarbeid, samt dokumentasjon av tre installasjonar/skulpturar.

I fotoverkstaden lagar elevane portrett av kvarandre ved hjelp av bluescreenteknikk. Dei vel blant 10 ulike landskapsbilete, og blir så plasserte digitalt inn i landskapet. Elevane får innsyn i korleis bluescreen kan nyttast for å plassere ting visuelt inn i nye samanhengar.

Kunsten er utgangspunkt for samtalar om vitskap og sanningar i høve det å undre seg og stille spørsmål. Det handlar også mykje om vårt tilhøve til naturen og kva naturen tyder for oss, også når det gjeld å utrykke oss sjølv. Eit av måla er å gjere elevane medvitne bruk av natur som språk, korleis vi mellom anna nyttar natur for å uttrykkje noko menneskeleg. Det er også eit mål å opne for tanken om at bilete også tyder noko språkleg. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Eva Elisabeth Hauge Ljosvoll

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Eva Ljosvoll har master i kunst frå Kunsthøgskulen i Bergen. Verka hennar har mellom anna vore vist på Haustutstillinga og Vestlandutstillinga fleire gonger, og er innkjøpt til Bergen Kunstmuseums faste samling.

Siv Bugge Vatne er frå Molde, og er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo. Ho har ein omfattande utstillings- og utsmykningsverksemd, og har fått statens arbeidsstipend.

Solveig Sumire Sandvik har master i kunst både frå Kunsthøgskulen i Bergen og Tama art University i Tokyo, og har stilt ut i Japan og Norge. Ho vaks opp i Japan, og har sterk tilknyting til både norsk og japansk kultur.

Utstillinga er kuratert av, og formidla av Eva Ljosvoll.


Medverkande

  • Eva Elisabeth Hauge Ljosvoll
  • Eva Ljosvoll

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnéansvarleg:Nina Dworak - 48 99 49 40
Fagansvarleg:  Charlotte Espeland - 48 99 56 06
Kontaktperson utøvar
Programlengde
90
Maks publikumsantal
25
Arena / rom
Klasserom, aula eller anna rom.
Berehjelp
1
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
Utøvaren treng tilgang på projektor og lydanlegg, og det er naudsynt med delvis blending. 
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Eva Ljosvoll