Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Prospekt - H18
Produksjonsliste
Program

Prospekt - H18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Prospekt er ein stop-frame animasjonsverkstad for ungdom. Prosjektet er ei videreføring av eit audiovisuelt installasjonsprosjekt som vart gjennomført i Lydgalleriet i Bergen og Bergen Offentlige Bibliotek i 2015 og 2017.  

Ved å ta i bruk surrealistene sin metode for iintuitiv historieforteljing, skal elevane jobbe fram små historiar i animasjon med utgangspunkt i eigne liv og eiga erfaring. Elevane arbeider i grupper der dei lagar figurar i plastelina, papp, objekter dei har funne, osv. Frå dette skal dei lage ein liten film.

Fri myldring av ideer blir vektlagt, men også eit resultat med godt gjennomført scenografi og teknikk. Seinare vil filmane bli brukt i ein audiovisuell installasjon. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Kjersti og Roar Sletteland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Kjersti Sletteland er biletkunstnar. Ho har jobba med barn og unge gjennom Den kulturelle skolesekken, kulturskulen og med sjølvstendige prosjekt.

Roar Sletteland er produsent innan scenekunst og lydkunst, med regi, scenografi, lyddesign, lydteknikk og dramaturgi som hovudfelt.


Medverkande

  • Kjersti og Roar Sletteland
  • Kjersti Sletteland (Kunstnar)
  • Roar Sletteland (Kunstnar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Prospekt
Foto: Kjersti Sletteland
Prospekt
Foto: Kjersti Sletteland

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: 8 - 10
Turnéplan: Prospekt - H18
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnéansvarleg:Nina Dworak - 48 99 49 40
Fagansvarleg:  Charlotte Espeland - 48 99 56 06
Kontaktperson utøvar
Programlengde
4 timar
Maks publikumsantal
25
Arena / rom
Formingsrom eller vanleg klasserom
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
60 min.
Merknad
Det er naudsynt med delvis blending og fire berbare datamaskinar samt projektor/smartboard. Det er ønskeleg at læraren er til stades heile tida, og at grupper på ca. fem elevar blir sett saman i førekant.

Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Kjersti Sletteland (Kunstnar)
  • Roar Sletteland (Kunstnar)