Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Natur LAB - lek, lag og utforsk kunst i natur - V1...
Produksjonsliste
Program

Natur LAB - lek, lag og utforsk kunst i natur - V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Det skjer noko med innstillinga til omgjevnaden når blikket vert skjerpa og utsett for nysgjerrigheit.

Kunstpilotene Annette og Andre Marandon har utforska born sin bruk av natur i ein kunstsamanheng gjennom fleire land art verkstader, der deltakarane har busett myr og tre med fantasidyr inspirert av verkelege dyr. – Hoggorm og ekorn har fått nye leikekameratar laga av ein kombinasjon av tilførte materialar og naturmaterialar. Fokuset har vore på deltakarane sin medverknad, tilhøvet til staden og naturen, og korleis ein med enkle, intuitive og leikorienterte kunsthandlingar også aukar medvite om menneske sitt tilhøve til naturen.

No tilbyr vi dette til skulane. Kunstpilotane kjem ikkje til skulen med eit ferdig uttenkt land art prosjekt. Dei vil i fellesskap med elevane oppsøke og synfare naturarealet som elevene har tilgang til. Med naturen som utgangspunkt vil dei saman med elevene finne måtar å ta i bruk skulen sine grøne områder, med filosofen Arne Næss sine ord; “gå inn i naturen”.

Dei to utøvarane har med seg ein del materiell og verktøy som eit start kit til skulene. Ein kan lage både store installasjonar og ting i mindre skala som til eksempel figurar laga av naturmaterialar frå staden. Gjenbruk er viktig, så elevane vert oppmoda til å ta med seg materiell som kan nyttast, til eksempel garn og tekstil.

Eksempel på moglege løysningar: Val av stad og kunsthandling vert bestemt av elevane sine interesser og naturen sjølv. – Nokre vil vera opptatt av klima og miljø og gjere eit prosjekt med ei sosial og politisk profil, andre vil kanskje ta utgangspunkt i lokalt dyreliv, flora og fauna. Eller ein kan lage ein jungel, skape ein camp og midlertidig flytte ut i skulen sitt grøne areal. Moglegheitene er mange, og ein treng ikkje å avgrense seg til eit tema eller eit materialval. Prosjektet er også tverrfagleg, med forgreiningar mellom anna til naturvitskap.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Kunstpilotene

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Både saman og kvar for seg har kunstpilotane Annette og André Marandon realisert ei rekkje kunstproduksjonar for og med barn.

Annette har erfaring som formidlingsleiar og formidlingskonsulent frå fleire kunst- og kulturinstutsjonar i Bergen, og som kurator med utstillingar for dei minste på Barnas kulturhus.

Som kunstnar har André erfaring med stadspesifikke og sosiale kunstprosjekt i det offentlege rom, i tillegg til å ha gjennomført kunstprosjekt for og med barn og personale i ulike barnehagar i Bergen. I desse prosjekta står brukarmedverking sentralt - barna vert inkludert frå og med idéutviklingsfasen.

I samarbeid har dei to produsert og formidla fleire sanseutstillingar og kunstlaboratorium som også har vore besøkt av barn med spesielle behov. Dei har sett at spesialskular gjerne vel å ta med barna på utstillingar og prosjekter med rom for sansedeltaking og verkstader med låg terskel, der barna både kan oppleve og skape, og der dei vaksne som er med sjølv deltek i aktivitetane.

Tidlegare har Kunstpilotene vore på turné med prosjektet Hagen, eit prosjekt som aktivt inkluderer elevar med særskilde behov. 


Medverkande

  • Kunstpilotene
  • Annette Lie Marandon
  • André Marandon

Multimedia og vedlegg

Bilete

NaturLab1.jpg
Foto: Kunstpilotene
Naturlab2.jpg
Foto: Kunstpilotene
Naturlab3.jpg
Foto: Kunstpilotene
Naturlab4.jpg
Foto: Kunstpilotene
Naturlab5.jpg
Foto: Kunstpilotene

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnéansvarleg:Nina Dworak - 48 99 49 40
Fagansvarleg:  Charlotte Espeland - 48 99 56 06
Programlengde
Avtalast direkte med skulane, inntil ei veke.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Annette Lie Marandon
  • André Marandon