Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Nowhere to hide - V19
Produksjonsliste
Program

Nowhere to hide - V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Amanda‐prisen for beste dokumentar i 2017

"Nowhere to Hide" følgjer den unge sjukepleiaren Nori Sharif gjennom fem år i dramatisk endring og gir ein unik tilgang til eitt av verdas farlegaste og mest utilgjengelege område ‐ "dødens triangel" i Sentral‐Irak.

Han startar med å filme historiane til overlevande. Han formidlar håpet om ei betre framtid etter den amerikanske tilbaketrekkinga frå Irak i 2011, men opplever sjølv å bli fanga mellom IS og ulike irakiske militsgrupper. Han må berge sin eigen familie. Når han blir tvinga til å flykte frå sin heim for å overleve denne "nye krigen" kor fienden er usynleg, og det ikkje finst stader å gøyme seg, snur han kameraet mot seg sjølv.

«Nowhere to Hide» hadde si verdspremiere under den prestisjetunge dokumentarfilmfestivalen IDFA i Amsterdam i november 2017. Filmen er kritikerrost og omtalt slik i Screen Daily: “Nowhere To Hide should be required viewing for anyone with an opinion about the refugee crisis.”

Ahmed ønskjer å snakke om krisa som finn stad i Irak i dag. Han vil skape samtale og drøfting med elevane om flyktningkrisa i lys av politikk, religiøs tru og samfunnsviktige problemstillingar.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Zaradasht Ahmed/Mette Cheng Munthe‐Kaas

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Zaradasht Ahmed er ein norsk‐kurdisk filmskapar. Hans siste film «Nowhere to Hide» har vunne fleire prestisjetunge internasjonale festivalar, i tillegg til Amanda‐prisen for beste dokumentar i 2017. Filmen vert no presentert på festivalar i heile verda. Hans tidlegare filmar inkluderer prisvinnaren «Veien til Diyarbakir» og «Fata Morgana». Zaradasht har lang erfaring med dokumentarfilm og har jobba mykje i Midtøsten, Nord-Afrika og Asia.


Medverkande

  • Zaradasht Ahmed/Mette Cheng Munthe‐Kaas
  • Zaradasht Ahmed (Filmskapar)
  • Mette Cheng Munthe‐Kaas (Filmprodusent)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Nori Sharif i ein ambulase.jpg
Foto: Frå "Nowhere to hide"
Sarah.jpg
Foto: Frå "Nowhere to hide"
Filmskapar Zaradasht Ahmed
Foto: Ten Thousand Images AS
Filmprodusent Mette Cheng Munthe-Kaas
Foto: Ten Tousand Images AS

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Film
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Programlengde
Ca. 120 minutt (Film 86 min + diskusjon)
Arena / rom
Klasserom, bibliotek, auditorium eller anna på skulen, med tilgjenge til lerret, projektor, høgtalarar.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Zaradasht Ahmed (Filmskapar)
  • Mette Cheng Munthe‐Kaas (Filmprodusent)