Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Å utforske verda med ord - V19
Produksjonsliste
Program

Å utforske verda med ord - V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Eit blikk inn i ein forfattar si litterære verd og hennar arbeid.

Sunniva Relling Berg debuterte med ungdomsromanen Utfor som m.a. blei nominert til Brageprisen, og i 2013 kom hennar andre bok; Beina i gitaren. 

Forfattaren vitjar skulen og fortel levande om ein forfattar sin kvardag.

Det er både skrivelyst og skrivetips som står i sentrum når ho fortel om og les frå bøkene sine.

Ho skildrar ulike sider med skriveprosessen fram til ei ferdig bok. Vi får høyre korleis ein kan velje ut og byggje opp eit persongalleri og stadar der handlinga i boka skal/kan gå føre seg. 

I tillegg til persongalleri og stader står tilhøvet mellom inspirasjon og tekstjobbing i forfattaryrket òg sentralt i foredraget.

Vi får presentert tankekart, notisbøker og elles, på ein spennande og naturleg måte, korleis ho arbeider når ho skriv.

Arbeidet som forfattar blir skildra levande og lettfatteleg, men likevel poengtert. 

Dialog med og spørsmål frå elevane er ein naturleg del av presentasjonen. Her får vi formidla at skriving faktisk kan vere for kven som helst – dersom du brukar tid og arbeider med teksten. 

Det er lov å drøyme om å bli forfattar – og det kan òg vere høgst oppnåeleg!


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Sunniva Relling Berg

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Sunniva Relling Berg er utdanna frå Skrivekunstakademiet, og i tillegg til å vere forfattar, er ho skulebibliotekar på deltid og har sidan debuten i 2011 mange skulebesøk bak seg, der skrive- og leseglede er med.


Medverkande

  • Sunniva Relling Berg
  • Sunniva Relling Berg

Multimedia og vedlegg

Bilete

Sunniva Relling Berg
"Utfor" - Sunniva Relling Berg
Foto: Samlaget
"Beina i gitaren" - Sunniva Relling Berg
Foto: Samlaget

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur / Forfatterbesøk
Trinn: 8 - VG3
Praktisk informasjon
Programlengde
45 minutt
Arena / rom
Klasserom, bibliotek, auditorium eller anna på skulen, med tilgjenge til projektor og internett
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Sunniva Relling Berg