Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Det er sikkert og visst - H18 (Artisan Teater)
Produksjonsliste
Program

Det er sikkert og visst - H18 (Artisan Teater)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Det er sikkert og visst er ein liten juvel av ein teaterframsyning - ei musikalsk fortelling om Hans Christian Andersen og hans eventyr.

I likheit med den stygge andungen opplevde HC Andersen å bli heldt utanfor og bli sett ned på av samfunnet, før han blomstra som kunstnar og er i dag ein av de kjæraste eventyrforteljarane vi kjenner. Det er sikkert og visst vever historia om HC Andersens liv saman med historiene han sjølv skapte. Forutan ei nasevis og ganske sjølvoppteken and, møter vi to tvilsame skreddarar som tilbyr Keisarens nye kler, ei kone som vil gjere det stort på sal av egg, ei fjør som vert til ei rekke høns og ei klissvåt prinsesse som viser seg å vere ekte - etter ei søvnlaus natt på erta. Og ikkje minst HC Andersen sjølv!

Ein forteljar, ein musikar og fleire dokker gir HC Andersens figurar liv på scenen. I Niels Sechers vakre og enkle scenografi spelas historiene ut rundt forfattarens skatoll, som viser seg å vere ein magisk teatermaskin full av rom og scener! 

Vi vil oppfordra lærarane til å lese eit eller fleire av HC Andersens eventyr med elevane i forkant og gjerne bruke historia om HC Andersen i undervisninga i etterkant. Til dømes med tema som utanforskap, det å vere annleis eller lese- og skrivevanskar.

Om utøvarar og produsentar

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Artisan Teater

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Marte Magnusdotter Solheim (regi/skodespelar) er utdanna ved Statens Teaterhøgskole og har mellom anna jobba i lengre perioder ved Nationaltheatret og Hålogaland Teater. Marte har og gjort fleire kritikarroste filmroller. Ho skriv og regisserar for film og teater og debuterte på Aschehoug Forlag i august 2018 med romanen "Jeg har mer jeg vet du vil like".

Jon Faukstad (musikar/skodespelar) er professor emeritus i trekkspel ved Noregs Musikkhøgskule der han var med å bygge opp den norske utdanninga på akkordeon. Han har ein allsidig musikalsk bakgrunn innanfor samtidsmusikk, klassisk og folkemusikk. Faukstad har i tillegg til konsertar og turnear i inn- og utland gitt ut fleire innspelingar med musikk for akkordeon.

Trude Alexandra Dambo ​​​​​​​(tekniker/turnéansvarleg).

Kjetil Falkum (produsent) er utdanna stage manager og production manager ved Royal Academy of Dramatic Art i London. Han har jobba med produksjonsleiing for ei rekke institusjonsteater, kommersielle produsentar, spel og regionoperaer over heile Noreg. Frå hausten 2013 produserer han eigne teaterframsyningar gjennom Artisan Teater.


Medverkande

  • Artisan Teater
  • Jon Faukstad (Musikar)
  • Trude Alexandra Dambo (Produsent)
  • Marte Magnusdotter Solheim (Skodespelar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Sikkert og visst7
Foto: Marte Garmann
Sikkert og visst1
Foto: Gisle Bjørneby
Sikkert og visst2
Foto: Gisle Bjørneby
Sikkert og visst3.jpg
Foto: Gisle Bjørneby
Sikkert og visst4.jpg
Foto: Gisle Bjørneby
Sikkert og visst5.jpg
Foto: Gisle Bjørneby
Sikkert og visst6.jpg
Foto: Gisle Bjørneby

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnéansvarleg:Nina Dworak - 48 99 49 40
Fagansvarleg:  Charlotte Espeland - 48 99 56 06
Kontaktperson utøvar
Programlengde
50
Maks publikumsantal
80
Arena / rom
Gymsal eller kultursal med publikum på same nivå som scenegolvet
Berehjelp
2 vaksne eller 6 elevar
Oppriggingstid
90 min.
Nedriggingstid
45 min.
Straum
1 x 16A
Scenebreidde i meter
6
Scenehøgde i meter
4
Scenedjupne i meter
6
Må blendast
Ja
Merknad
Trenger full blending og ei speleflate på 6x6 meter og 4 meter høgd. 
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Norsk scenekunstbruk
Medverkande
  • Jon Faukstad (Musikar)
  • Trude Alexandra Dambo (Produsent)
  • Marte Magnusdotter Solheim (Skodespelar)