Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Do Not Feed the Trolls - V19 (The Krumple)
Produksjonsliste
Program

Do Not Feed the Trolls - V19 (The Krumple)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Do Not Feed the Trolls er ei teaterforestilling som tar for seg råskapen, skadefryden og den håplause idiotien hos moderne internett-troll. Inspirert av sanne historier om trakassering på nett, nordiske troll, og med kompaniet sin heilt særeigne stil, lar the Krumple publikum oppleve det som ellers skjer i det skjulte. Ved å balansere mellom det humoristiske og det ubehagelege konfronterer kompaniet publikum med spørsmålet: er eg sjølv ein del av dette fenomenet?

Forestillinga fortel historia om Lisa Holloway, ei alminneleg jente som vågar seg ut på internett. Isolert og lei oppdagar den 14 år gamle Lisa den digitale røyndomen av sosiale media. Ho vert raskt ein tilfeldig kjendis i denne verda, men samstundes blir ho gradvis terrorisert av ein hærskare idiotiske, parykk-kledde troll. Trolla verkar fast bestemt på å øydelegge sjølvtilliten hennar, ryktet hennar og dei truar heile Lisa sin eksistens…

Trakassering på nett er dessverre ein svært aktuell tematikk i dag, og særleg for ungdom frå 13 år og opp. Kompaniet er opptatt av å formidle desse historiene om nett-troll - særleg til dei yngre generasjonane som veks opp med internett som kommunikasjonsplattform. Høvet for full anonymitet gjer at vi slepp å bli stilt til ansvar for ytringane våre og det gjer at vi kan uttale oss utan filter. Vi ynskjer at Do Not Feed the Trolls skal gi elevane høve til å sette seg inn i hodet til både den som mobbar, og den som blir mobba.

“Uten å moralisere, og med humor, intelligens og grensesprengende kreativitet, presenteres publikum for et helstøpt univers. Do Not Feed the Trolls er usedvanlig vital og kraftfull, og tydeligvis laget av en gjeng som tar arbeidet sitt med største alvor og har ørene tett på bakken.”

- Mariken Lauvstad, Periskop

Do Not Feed the Trolls er ein co-produksjon med Scenekunst Østfold, og er i Scenekunstbruket sitt repertoar. Forestillinga har turnert i DKS Oppland, Sogn og Fjordane, Telemark og Finnmark. Produksjonen er støtta av Østfold Kulturutvikling, Fond for Lyd og Bilde, FFUK, Seanse, Juritzen Forlag, gjenopptaking støtta av SPENN.

Om utøvarar og produsentar

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: The Krumple

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • The Krumple
  • Jo Even Bjørke (Utøvar)
  • Oda Kirkebø Nyfløtt (Utøvar)
  • Vincent Vernerie (Utøvar)
  • Jock Maitland (Utøvar)
  • The Krumple (Regi)
  • The Krumple (Produksjon)
  • Linn Sæther (Lys)
  • Antony Aubert (Lyd)
  • The Krumple (Scenografi)
  • Gwendolyn Warnock (Dramaturgi)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Do not feed the trolls 1
Foto: Fredrik Borgund
Do not feed the trolls 2
Foto: Fredrik Borgund

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnéansvarleg:
Nina Dworak - 48 99 49 40
Fagansvarleg:  Wenche Gausdal - 969 44 507

Kontaktperson utøvar
Programlengde
60
Arena / rom
Kulturhus
Berehjelp
2
Oppriggingstid
180 min.
Nedriggingstid
100 min.
Straum
63 ampere, 230 og 400 volt. Vi leiger eige straumskap for turnéen.
Scenebreidde i meter
8
Scenehøgde i meter
5
Scenedjupne i meter
9
Må blendast
Ja
Merknad
Det er ynskjeleg at klassane i forkant av framsyninga diskuterer trakassering på nett for at tematikken skal gå djupare. Vi kan òg ha ein samtale med elevane rundt tematikken etter framsyninga.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Norsk scenekunstbruk
Medverkande
  • Jo Even Bjørke (Utøvar)
  • Oda Kirkebø Nyfløtt (Utøvar)
  • Vincent Vernerie (Utøvar)
  • Jock Maitland (Utøvar)
  • The Krumple (Regi)
  • The Krumple (Produksjon)
  • Linn Sæther (Lys)
  • Antony Aubert (Lyd)
  • The Krumple (Scenografi)
  • Gwendolyn Warnock (Dramaturgi)