Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
PAPELINA - ei annleis forteljing om flukt - H18 og...
Produksjonsliste
Program

PAPELINA - ei annleis forteljing om flukt - H18 og V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Då Papelina og familien må forlate heimen sin, seier Papa Gøye at dei skal på eit topphemmeleg eventyr. Papelina får vite at dei skal til eit nydeleg fugleslott, men reisa blir både lang og slitsam. Kvifor kan ikkje Papa Gøye slutte å tulle og fjase?

Biletboka «Papelina» som kom ut på Samlaget i hausten 2018, er ei annleis forteljing om flukt. Historia handlar om å måtte reise til eit nytt land, men også om kor flau ein kan bli av foreldra sine og kva det eigentleg vil sei å vere heime.

Gjennom å fortelje og lese frå historia, vise illustrasjonar frå boka på storskjerm og stille relevante spørsmål til teksten, vil Randi Fuglehaug snakke med elevane om flukt, familie og vennskap på ein inkluderande og underhaldande måte. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Randi Fuglehaug

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Randi Fuglehaug kjem frå Voss og har utdanning frå Høgskulen i Volda samt lang erfaring som journalist, redaktør og USA-korrespondent. Ho har skrive sakprosabøker for vaksne og born, og debuterte skjønnlitterært på Samlaget med bildeboka «Papelina» hausten 2017. 



Medverkande

  • Randi Fuglehaug
  • Randi Fuglehaug

Multimedia og vedlegg

Bilete

Papelina
Foto: Samlaget
Papelina
Foto: Samlaget

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: 1 - 4
Turnéplan: PAPELINA - V19
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnéansvarleg:Nina Dworak - 48 99 49 40
Fagansvarleg:  Jørn Oftedal - 48 99 52 59
Kontaktperson utøvar
Programlengde
30
Arena / rom
Rom med projektor/smartboard
Oppriggingstid
5 min.
Nedriggingstid
5 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Randi Fuglehaug