Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Eit lite stykke Brasil
Produksjonsliste
Program

Eit lite stykke Brasil

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Gabriela, Per og Audun har gjennom åra lært seg ulike instrument, vore innom mange forskjellige musikksjangrar og samarbeidd med mange musikarar dei har møtt på sin veg. Det bergenske musikkmiljøet førte desse tre saman, og dei fann raskt «tonen». Kjærleiken til den brasilianske musikken vart ein fellesnemnar.

I konserten fortel dei korleis denne kjærleiken oppstod, og kva dei har gjort for å følgje draumane sine.

Mange kjenner til sjangrane Bossa Nova og Samba, men trioen ønskjer òg å presentere musikk som sjeldan vert spelt utanfor Brasil.

Lærarrettleiing

Allsang

For å skapa ei stemning som høver for ein sambaklubb i Rio de Janeiro, ønskjer utøvarane at publikum syng med på "Tristeza" og "Mas que nada". De finn videoar som ein introduksjon til songane på høgre side under "Lenker".

I "Tristeza" kjem denne setninga mot slutten av kvart refreng: Quero de novo cantar. Med lydskrift vert det: Kero dsji nåvo kantar. Setninga betyr: Eg vil synge på nytt.

Vil de vite meir om Brasil? Sjå "Fakta om Brasil" under Vedlegg på høgre side.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Produsent: Wenche Gausdal, Hordaland fylkeskommune og Øyvind Lyslo, Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: I utforminga av denne produksjonen har vi vore så heldige å få gode innspel frå elevar på Tranevågen ungdomsskule undervegs. Ein stor takk til dei for ein strålande medverknad!  

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Gabriela Lie Garrubo (song) har si utdanning frå jazzlina ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen. Ho er involvert i fleire prosjekt, og ho leiar sitt eige band der ho sjølv komponerer all musikk. Mange unge talent har støtt på ho som musikkpedagog hos AKKS eller kurshaldar for UKM. Gabriela sin favorittsongar er Elis Regina.

Per Olav Kobberstad (gitar) har utdanninga si frå Universitetet i Agder, Institutt for rytmisk musikk. Han er ein mykje nytta gitarist, og han er ein av få som spelar ein handlaga gitar med 8 strengjer. Gitaren fekk han bygd i Argentina. Per Olav sin faorittgitarist er Jimi Hendrix.

​​​​​​​Audun Humberset (perkusjon) har mastergrad innan kubansk musikktradisjon. I det daglege jobbar han som produsent på Vestnorsk Jazzsenter. Han er mykje nytta som frilans perkusjonist og er fast med i afrobeat-orkesteret Modal Afrique og Horse with No Name. Audun sin favorittperkusjonist er Airto Moreira.

Kanskje de kan google utøvarane sine favorittane på song, gitar og perkusjon før besøket på skulen dykkar?


Medverkande

  • Gabriela Lie Garrubo (song)
  • Per Olav Kobberstad (gitar)
  • Audun Humberset (perkusjon)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Video/Lyd

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
PØRSMÅL OM KONSERTPLANEN
Turnélegger Hanne-Brit Iversen
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
Tlf. 489 95 639
E-post: Hanne-Brit.Iversen@hfk.no
SPØRSMÅL OM PROGRAMMET
Produsent: Wenche Gausdal
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
E.post: Wenche.Gausdal@hfk.no
Tlf.: 969 44 507
Programlengde
35
Maks publikumsantal
200
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Wenche Gausdal, Hordaland fylkeskommune og Øyvind Lyslo, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Gabriela Lie Garrubo (song)
  • Per Olav Kobberstad (gitar)
  • Audun Humberset (perkusjon)