Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Vi bygger om - V19
Produksjonsliste
Program

Vi bygger om - V19

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Helga har samla skattar frå skuffer, skrap frå grøfter, stoffbitar og fjør. Av dette lagar ho broderte materialbilde. Ho skriv poetiske tekstar til bilda. Bildeserien er ei forteljing om katastofe og gjenoppbygging - frå krise til nytt håp. Ho tek utgangspunkt i verdssituasjonen i dag, med krig og terror og menneske på flukt, men dette er ei forteljing om korleis det øydelagde kan reparerast og brukast om att til noko nytt og lovande: ”No må vi gjere så godt vi kan.” 

Materialbilda er sett saman av tekstil, broderigarn, pynteband, knappar, skruar, spiker, gaupepels, fjør, ormeskinn, paljettar, skjel, plastleiker, ymse skrot. Bilda har figurar som er sydde slik ho sjølv teikna menneske som 3-åring, og det uhøgtidelege og enkle uttrykket er meint som inspirasjon til alle som tenkjer at ”eit slikt bilde kan eg også lage”. Tekstane er små dikt som hjelper publikum å følgje forteljinga frå ruin til reparasjon.

Anette sin musikk er inspirert av bilda og forteljinga i "Vi bygger om". Tre låtar av ulik karakter vil danne ramma for musikken i framsyninga, med rom for improvisasjon undervegs i kommunikasjon med forteljaren og borna.

Lærarrettleiing

Tekstilbilda og tekstane vil vere montert på 15 plater som kan hengast opp i klasserom, korridorar, bibliotek eller andre lokale. Forestillinga vil vere høgtlesing og levande musikk på ei vandring frå første til siste bilde. Barna som er med på vandringa, vil etterpå verte invitert til samtale om bilda og korleis dei er laga, om teksten og kva han fortel og om musikken og kva han uttrykker.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Helga Gunerius Eriksen og Anette Thorsheim

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Helga Gunerius Eriksen er cand. mag. med faga keramikk og filosofi, og ho er forfattar av eit tjuetals bøker for barn, unge og vaksne. Ho har skrive dramatikk, poesi, tekstar for tidsskrift og terreng, til musikk og dans, utstillingskatalogar og antologiar. Ho har også illustrert eigne bøker på porselen og tekstil, laga landskapskunst og hatt tverrkunstnarlege samarbeidsprosjekt. Ho har motteke Kritikarprisen, Brageprisen og Samlagsprisen. 
Anette Thorsheim er folkemusikar med toradar som hovudinstrument med utdanning frå Musikkhøgskulen i Stockholm og Høgskulen i Telemark. Ho er verksam solo og i ulike ensemble. Ho likar særleg godt å spele til dans og er inspirert av den tradisjonelle musikken i Noreg og Sverige. Inspirasjonen nyttar ho gjerne til å skrive ny musikk.


Medverkande

  • Helga Gunerius Eriksen og Anette Thorsheim
  • Helga Gunerius Eriksen
  • Anette Thorsheim

Multimedia og vedlegg

Bilete

Vi bygger om
Foto: Andreas Dyrdal

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kunstarter i samspill, Musikk, Visuell kunst
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnéansvarleg:Nina Dworak - 48 99 49 40
Fagansvarleg:  Wenche Gausdal  - 96 94 45 07
Programlengde
1 skuletime
Maks publikumsantal
30
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
15 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Helga Gunerius Eriksen
  • Anette Thorsheim