Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
TOTAL VOKAL Ingen instrument - fire damestemmer ...
Produksjonsliste
Program

TOTAL VOKAL Ingen instrument - fire damestemmer - fire mikrofoner

Alle har si eiga stemme. Stemma er den mest umiddelbare uttrykksforma for tanker og kjensler, og eit eventyrleg variert instrument som kan brukast på uendeleg mange måtar, frå vart og vakkert til rått og kraftfullt – eller humoristisk. Som vokalgruppe vil vi syne korleis stemma uttrykkjer personlegdomen, og oppfordra elevane til å ta i bruk og utforska si eiga stemme.

TOTAL VOKAL er ein konsert der uttrykk og sjanger spenner frå opera via folketoner til country, pop og rock. 

Vi bruker dei fire ganske forskjellige stemmene våre både melodisk og perkusivt, og resultatet treng slett ikkje alltid vera pent. Elevane får oppleva kor mykje vi – og dei – kan få til musikalsk ved å bruka stemma, heilt utan å ta i eit instrument.

Konserten er av og med Elin Hestenes, Kristine Bjånes, Guro Dugstad og Mari Lyssand.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Elin Hestenes, Kristine Bjånes, Guro Dugstad og Mari Lyssand
  • Produsent: Jørn Oftedal
  • Idé/ opplegg: Musikarane i sammarbeid med produsent

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Elin Hestenes og Kristine Bjånes har vore med i den prisløna vokalgruppa TAUS frå starten i 2001, og har sunge på talrike event og ulike arrangement i inn- og utland. Dei har turnert for Fylkeskonsertane i Hordaland med ei konsertframsyning for barnetrinnet, og vore skodespelarar/ songarar på Den Nationale Scene og Hordaland Teater.

Mari Lyssand har lang erfaring i å formidla musikk og historie for alle aldersgrupper. Ho har turnert i ungdomsskulen for Fylkeskonsertane i Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal frå 2010, og var i 2015 songar i framsyninga Julerosene på Hordaland teater. 

Kristine, Elin og Mari turnerer òg med Tøysete teselskap med TAUS, ei musikkteaterframsyning for 0-3-åringer. Siste turné var til Teateret Vårt i Ålesund og Molde i april i år.

Guro Dugstad har erfaring frå store musikaloppsetjingar som Mamma Mia!, Les Misérables og Chess, og ei rekkje andre produksjonar, m.a. med storband. Ho har vore vokalinstruktør under The Voice på TV2 og på Den Nationale Scene, og jobbar elles som songpedagog ved Sangsenteret i Bergen.


Medverkande

  • Elin Hestenes, Kristine Bjånes, Guro Dugstad og Mari Lyssand
  • Elin Hestenes (songar)
  • Kristine Bjånes (songar)
  • Guro Dugstad (songar)
  • MAri Lyssand (songar)

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Jørn Oftedal tlf. 406 20 914
http://jorn.oftedal@hfk.no
Kontaktperson utøvar
Kristine Bjånes tlf 992 54 365
Programlengde
40 min.
Maks publikumsantal
180
Arena / rom
Gymsal - musikarane langs langvegg foran ribbevegg-elevane på stoler
Berehjelp
4 elevar før og etter konserten
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
30 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Jørn Oftedal
Medverkande
  • Elin Hestenes (songar)
  • Kristine Bjånes (songar)
  • Guro Dugstad (songar)
  • MAri Lyssand (songar)