Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Carmen og kameratane
Produksjonsliste
Program

Carmen og kameratane

Vi ønskjer velkommen til operaframsninga ”Carmen og kameratane”

Historia byggjer på operaen, Carmen, som er ei av dei mest kjente operaene i verda. Det er nok fordi musikken er flott og fengjande, og det er musikken kunstnarane ønskjer å formidle til dykk.

I vår versjon handlar operaen om korleis Carmen klarer å lokke Jose bort frå dei gamle venene sine. Jose blir forelska i Carmen. Escamillo og Micaela, som Jose var mykje saman med før, synes det er leit at dei ikkje kan vere saman alle fire.

Men når Carmen har fått det som ho vil, er ikkje Jose spannande lenger. Ho vil heller vere saman med ein annan.

At Jose både har mista dei gamle venene sine og at han blir svikta av Carmen, får fryktelege konsekvensar.......

Carmen: Kristin Mulders

Jose: Ole Morten Velde

Escamilio og pianist: Knut Christian Jansson

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Kristin Mulders, Ole Morten Velde og Knut Christian Jansson
  • Produsent: Jørn Oftedal
  • Idé/ opplegg: Musikk: Georges Bizet
    Tekst: Henri Meilhac og Ludovic Halèvy
    Omsett til nynorsk: Edvard HoemKonsept, dokker og regi: Vera Rostin Wexelsen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Tenoren Ole Morten Velde er oppvaksen på Karmøy og har si utdanning ved Griegakademiet i Bergen, Det Kongelige Danske Musikkonservatorium, samt Opera Akademiet ved den kongelige opera i København. Han gjorde sin debut som operasongar i rollen som Don Ottavio i operaen Don Giovanni av Mozart. I dag arbeider han som freelance operasongar og syng jevnleg rundt om på regionalscenene i Noreg.

Knut Christian Jansson, har studert klaver med Jiri Hlinka ved Grieg akademiet og Einar Henning Smebye ved Norges musikkhøgskule. Han har bl.a. vært solist med Bergen Filharmoniske Orkester, er ein særs aktiv kammermusikar og har arbeidet med musikarar som Tine Thing Helseth og Christian Lindberg. Han har spelt på ei rad festivalar, mellom  Festspillene i Bergen, Borealisfestivalen, Østfold kammermuikkfestival og Fartein Valen-festivalen.


Medverkande

  • Kristin Mulders, Ole Morten Velde og Knut Christian Jansson
  • Kristin Muldes (sanger)
  • Ole Morten Velde (sanger)
  • Knut Christian Jansson (pianist)

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk / Klassisk musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Jørn Oftedal tlf 406 20 914
http://jorn.oftedal@hfk.no

Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantal
150
Arena / rom
Gymsal - musikarane langs langvegg foran ribbevegg-elevane på stoler - speleområde ca. 6 x 4 meter
Berehjelp
4 - 6 elevar
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
30 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Jørn Oftedal
Medverkande
  • Kristin Muldes (sanger)
  • Ole Morten Velde (sanger)
  • Knut Christian Jansson (pianist)