Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
U-DUB - H17 (Transiteatret-Bergen)
Produksjonsliste
Program

U-DUB - H17 (Transiteatret-Bergen)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

DUB-musikk sett i ein scenisk samanheng, smelta saman med scenekunst til ei framsyning; ein spennande miks av rom, video, lyd, rørsle, handling og (høyre)spel.

«Men ingen hadde mot nok til å stille seg framfor ham. Ingen bortsett frå Judas Iscariot» (frå Judasevangeliet).

I U-DUB rår unntakstilstanden og normale reglar og lovar er satt ut av spel. Korleis kan menneske grunne sine val i ein situasjon der ingen normer lenger er gyldige? U-DUB grip tak i Judas sitt dilemma frå det myteomspunne Judasevangeliet. Framsyninga held fast ved historia om Judas, og konsentrerast rundt sjølve grunnmotivasjonen: Judas drepande politiske dilemma der Judas gjer det ultimate offer for at noko større skal kunne skje. I sentrum for handlingane står to "Judasbarn" som blir utfordra på øvingar i å overleve unntakstilstanden. 

Unntakstilstanden skildrar situasjonar kor normale lover og reglar er sett ut av spel, gjerne grunna ei plutseleg katastrofe eller uventa hending. I unntakstilstandar finn ein seg i ein tilspissa situasjon der val må takast og blir grunngjeve av kvar og ein for seg – uavhengig av tidlegare normer og reglar.

DUB som musikkform oppstod som politisk protest på Jamaica mot slutten av 60-tallet, erstatta solisten med miksepulten, revolusjonerte musikkhistoria og bante vegen for meir kjente sjangrar som reggae, rap og elektronika. I U-DUB utviklast ein strategi kor DUB-musikken sine tenkje- og produksjonsformer blir overførte til teaterrommet (og vice versa). Prosjektet ligg i grenseland mellom konsert, film, hørespel og teater og utfordrar publikums forståing  for kva teater kan vere.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Transiteatret-Bergen
  • Idé/ opplegg: ​Transiteatret ved Tore Vagn Lid.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Framsyninga vert spela av profesjonelle musikarar, sangarar og skodespelarar med lang fartstid innanfor og utanfor Transiteatret:

Trond Gjelsten Dale (perkusjon)

Morten Skage (bass/gitar)

Hilde Anine Hasselberg (sang/melodica)

Annlaug Børsheim (gitalele/melodica)

Tor Christian Bleikli (melodica)

Øystein Nesheim (lys/scene/teknikk)

Pål T. Nygaard (lydteknikk)

Les meir om: Transiteatret og DUB 

Multimedia og vedlegg

Bilete

Logo
Foto: Transiteateret

Video/Lyd

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Programlengde
55
Maks publikumsantal
120
Berehjelp
4 personar
Nedriggingstid
90 min.
Må blendast
Ja
Merknad
Det vert tent fleire stearinlys i framsyninga. Dette må tas omsyn til med tanke på brannsikkerhet. 
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune