Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Myke øyne (Artilleriet)
Produksjonsliste
Program

Myke øyne (Artilleriet)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ei kort og intens teaterframsyning og ettersnakk. Om flyktningkrisa.

Myke øyne er ei kort og intens teaterframsyning om flyktningkrisa. Stykket byggjer på avisoverskrifta «71 døde i en lastebil i Østerrike» i 2015, og omhandlar menneske på flukt og oss som tek dei i mot. Framsyninga møter publikum med fakta, poesi og assosiasjonar til den største humanitære krisa i vår tid.

I flaumen av informasjon kan det vere vanskeleg å navigere, og ein kan fort bli driven mot ytterpolar. Myke øyne er eit forsøk på å skape eit refleksjonsrom for ungdom, der dei kan tenkje over og forstå meir av flyktningstraumane.

Teksten i framsyninga er skriven av Kate Pendry i lys av flyktningsituasjonen dei siste åra. Fire skodespelarar spelar og framfører teksten inne i lasterommet på ein trailer. Bruken av lasterommet gir ein fysisk inngang til tematikken. Viktorianske kostyme, koturnar (sko med høg sole og hæl) på beina og polyfonisk tale hjå skodespelarane gir publikum fleire lag å lese den poetiske og direkte teksten på. Vi får kjenne på kroppen noko som vi elles berre les i overskrifter. Lastebilen bråkar og ristar. Det er varmt og vi står trongt. Desse tilhøva åleine skapar ei forståing av kva alt for mange går gjennom for å nå målet om eit betre liv.

Den austerrikske forfattaren Stefan Zweig skreiv i eitt av sine upubliserte verk: «Vår største takksemd går i desse umenneskelege tider til dei som stadfester det menneskelege i oss. Til dei som oppmodar oss til ikkje å gå frå det mest unike vi eig: Vårt inste sjølv.»

Ettersnakk:
Etter framsyningane blir det ein ettersnakk leia av regissør og journalist/historikar/forfattar Lotta Elstad, der alle som har sett framsyninga denne dagen deltek.
Formålet er og har vore å skape eit heilskapsbilde av situasjonen i Europa og flyktningsituasjonen frå 2015 til no. Det blir ope for samtale i grupper. Mange kan ha hatt ei sterk oppleving og treng snakke om det. Regissøren snakkar om framsyninga og oppmodar elevane til å dele refleksjonar og tolkingar i plenum. Han svarar òg på spørsmål. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Artilleriet

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Medverkande:

  • Benjamin Lønne Røsler – skodespelar
  • Jenny Ellegård – Skodespelar
  • Thomas Østgaard – regissør/ansvarleg for ettersnakk
  • Mads Faste Liang Nilsen – sjåfør/teknikar
  • Joào Pamplona – skodespelar
  • Jade Francis Hai – skodespelar

Multimedia og vedlegg

Bilete

Myke øyne
Foto: Tom-Egil Jensen
Myke øyne
Foto: Tom-Egil Jensen
Myke øyne
Foto: Thomas Østgaard

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
Framsyninga: 25 minutt, inntil 4 pr. dag. Felles ettersnakk: Inntil 45 minutt.
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Framsyninga: I lasterommet på ein trailer som kjem til skulen. Ettersnakk: Rom på skulen med projektor og plass til alle som har sett framsyningane den dagen.
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
Deltakartal:
Framsyninga: Maks 30 pr. framsyning.
Ettersnakk:
Alle som har sett framsyninga den  aktuelle dagen.

Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune