Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Det einsame havet (Steinar Thorsen)
Produksjonsliste
Program

Det einsame havet (Steinar Thorsen)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Éin mann i kamp med havet og seg sjølv. Ein monolog som tar for seg eksistensielle spørsmål, om å vere medviten korleis ein lever sitt liv, kva val ein gjer og kva tyding dette kan ha.

Hausten 1968 legg Roald Allman ut på «Sunday Times sin einmanns-jorda-rundt-kappseglas». Han skal sigle heile jorda rundt utan å gå i land, og utan assistanse av noko slag. Det blir eit eventyr han ikkje såg rammene av. Vil han slå heile verda, kan han vinne, eller døyr han? Handlinga byggjer på ei sann historie. Seglasen eskalerer i ei dramatisk jakt, like intens som om det var ei kriminalforteljing!

Det er vanskeleg å vere menneske. I periodar i livet går det rasande fort. Kan hende utan det store medvitet om kva som skjer og kvifor. På eit anna tidspunkt i livet blir vi nådd igjen av vala vi har gjort, og vi oppdagar at vi er ein annan enn vi trudde, ein annan enn vi ville vere.

Unge kan vere utsett for stort press i samfunnet i dag. Mange opplever at dei stadig tidlegare i livet må stake ut kursen for kva dei vil bli og kva dei vil bruke livet sitt til, og dei kjenner seg stadig tidlegare tvungne til å ta sentrale livsval - kan hende før dei er klare for det. Nokre taklar presset dårleg og fell ut av skule- og arbeidsliv, nettopp fordi dei mistar seg sjølv i alt presset.

I stykket seier Ronald Allman: «Jeg tror ikke at folk skjønner det – hvor liten tid det er, og at de bare løper og at alle løper ved siden av dem, løper for å opprettholde samfunnsmalen – løper for livet! Ok, det er ikke enkelt å bryte ut av karusellen, man blir jo sugd inn, og man løper for å overleve, fordi man tror det er det man må! Men det er jo bare et spill, et tåpelig spill. Det finnes ingen regler, man må jo lage sine egne regler...»

Seglasen varar i nærare eitt år, og er krevjande og farefull. Han er ein konstant kamp mot elementa, havet, vinden, kulda, men òg mot einsemda og galskapen! Undervegs i denne seglasen blir hovudpersonen tvungen til å ta nokre val som fører han inn i ei djup livskrise - der han møter seg sjølv og sine tidlegare val i eit eksistensialistisk tvangsgrep. Han siglar der i både fysisk og eksistensiell einsemd, og havet blir katalysator når han søkjer etter erkjenning av kven han verkeleg er... 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Steinar Thorsen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Steinar Thorsen er scenekunstnar med fartstid frå ei rekkje teaterprosjekt i og utanfor Bergen. Tidlegare både teatersjef og kunstnarleg leiar for fleire teaterkompani. Han starta og leia i si tid teaterfestivalen Mini Midi Maxi og har vore regissør, manusforfattar og skodespelar i fleire oppsettingar på m. a. DNS, Teater Ibsen og Det Norske Teatret.

Gard Frostad Knudstad er anerkjent skodespelar, regissør, manusforfattar og lyddesignar. Han har brei erfaring frå ei rekkje institusjonsteater og frie teaterkompani, og driv i dag eige teaterkompani: Arena Proscenia.   

Multimedia og vedlegg

Bilete

Ronald Allman
Foto: Jorunn Lullau
Sam
Foto: Jorunn Lullau
Frå stykket
Foto: Jorunn Lullau

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
90 minutt.
Maks publikumsantal
100
Arena / rom
Teatersal, aula, gymsal eller anna på skulen med blending. Speleareal 6x6 m. Alternativt lokale kulturhus.
Berehjelp
Ynskjeleg med 4 personar.
Oppriggingstid
70 min.
Nedriggingstid
40 min.
Straum
63 amp.
Må blendast
Ja
Merknad
Forventa førebuing: Før framsyninga får skulen informasjon/materiell til førebuing om tema.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune