Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Soft Protection, Textiles in War. V18
Produksjonsliste
Program

Soft Protection, Textiles in War. V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Visning av ein videodokumentert performance – følgd av regissert samtale og erfaringsutveksling mellom aktørane, elevane og kunstnarane.

Performancen har opphav i ein samtale mellom tre personar. Samtalen dreidde seg om bruken av tekstilar i ulike verdsdelar, og utvikla seg til ein samtale om bruken av tekstilar i geriljakrig fordi to av personane i samtalen hadde erfaringar med dette.

I videodokumentaren, som blir vist i målestokk 1:1 på vegg, opplever vi to kvinner. Hiwet, med røynsle frå frigjeringskrig i Eritrea, og Evin, med røynsle frå «The Kurdish Movement». Dei deler sine historier i eit performativt verk, som viser korleis dei opplevde å kjempe som geriljakrigarar for eigne folk sine rettar og fridom. Dei fortel historiene sine gjennom å vise til tilgjenge og bruk av tekstilar.

I ei historie får soldatane utdelt fem meter ubleikt lerret, i den andre 10 -15 meter syntetisk stoff. Tekstila nyttar dei i begge tilfelle til alt frå matsanking til bandasjar. Dei viser kor dyrebare tekstilar er i marginale livssituasjonar, og korleis menneska strekkjer seg og gjer sitt yttarste for å gjere seg nytte av materialet sitt potensiale.

Under visninga er begge kvinnene til stades, iført full geriljauniform. Dei viser element frå performancen framfor publikum undervegs. I etterkant blir det arrangert ein samtale mellom dei to forteljarane, kunstnarane i prosjektet og elevane, kring assosierte tema; fridomskamp, feminisme og bruk av tekstilar. Samtalen blir tilrettelagt for at alle dei som er til stades får dele erfaringar, assosiasjonar eller minne utløyst av det dei har sett.

Kan tekstilar, som identitetsmarkør og materiale for vern og fornøyelse, gje oss eit innblikk i kvarandre sine liv? Gjer våre felles tekstile referanserammer at materialet gir gjenklang på tvers av generasjonar og kontinental tilknyting? 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Katrine Meisfjord, Savas Boyraz, Hiwet Tesfaldet, Evin.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Katrine Meisfjord er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen med en bachelorgrad i tekstil og mastergrad i kunst. Ho har vist ei rekkje performansar, installasjonar og dialogarrangement bak seg, med fokus på kommunikasjon og samhandling, og fleire både solo- og gruppeutstillingar.

Savas Boyraz er fotograf og videokunstnar. Han har mastergrad i visuell kunst frå Konstfack, Stockholm og en bachelorgrad i fotografi frå Mimar Sinan Fine Arts University, Istanbul. Har produsert for film og TV, og vunne prisar for sine fotografi.

Hiwet Tesfaldet er født i Asmara i Eritrea, og kom til Noreg som flyktning i 2005. Saman med politisk engasjerte medstudentar deltok ho i den væpna kampen mot dei Etiopiske okkupantane i landet. Ho blei geriljasoldat og fortsette kampen til Eritrea vant frigjøringskampen i 1991. Fekk ei viktig rolle i Eritrea si nye regjering.

Evin er født i Kurdistan i 1985, og blei verva som soldat i «The Kurdish Movement» då hun var 12 år. Ho var kurdisk soldat i sju år. Seinare reiste ho til Berlin, der ho har studert internasjonalt samfunnsarbeid. Ho arrangerer òg workshops om kvinner sine rettar i Latin Amerika og i midtausten.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Soft Protection
Foto: Thor Brødreskift
Soft Protection
Foto: Thor Brødreskift
Soft Protection
Foto: Thor Brødreskift

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
90 minutt.
Maks publikumsantal
40
Arena / rom
Klasserom, lite auditorium eller anna på skulen med framvisar til stort format. Blending.
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
30 min.
Må blendast
Ja
Merknad
Spelestaden: Videovisinga blir vist på stort lerret, ev. på vegg, i format H240cm x B300 cm. Utøvarane treng òg litt golvplass framfor lerretet/bildeveggen, der dei syner døme frå performansen.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune