Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kven drap Birgitte Tenks? V18
Produksjonsliste
Program

Kven drap Birgitte Tenks? V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Eit drap er uoppklara – kva veit vi eigentleg om sanninga?

Natt til 6. mai 1995 blei 17 år gamle Birgitte Tengs drepen, berre fem hundre meter frå heimen. Den unge Karmøy-jenta blei seksuelt misbrukt og utsett for brutal vald. I meir enn halvanna år slit politiet med å analysere hår- og bilspor.

Det er krise i politiet si etterforsking inntil tekniske bevis blir forkasta og Birgitte sin nitten år gamle fetter blir teken inn til avhøyr. Etter veker i isolasjon tilstår han eit drap han ikkje kan hugse han har utført. Seinare trekk han tilståinga. Han blir strafferettsleg frikjend, men dømd til å betale erstatning til Birgitte sine foreldre.

Dei som bur i bygda står no att med eitt spørsmål: Om ikkje fetteren drap Birgitte, kven hadde då gjort det?  Svaret har vi ikkje fått, og drapet på Birgitte ble aldri oppklara.

Forfattaren Bjørn Olav Jahr fortel historia bak historia. Han fortel mellom anna om Birgitte, om polititaktiske feilgrep og om hjernevask under avhøyr; hendingar bak fetteren si tilståing.

I denne produksjonen blir elevane utfordra til sjølve å utøve kritisk tenking til nyhende dei blir servert, til og med dei frå denne forfattaren. Verda er kan hende ikkje alltid slik vi får ho presentert?

Forfattaren jobbar no i samarbeid med produksjonsselskapet Filmhimmelen med ein tv-dokumentarserie om drapet på Birgitte Tengs, planlagt vist på TV2 hausten 2018.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Bjørn Olav Jahr

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Bjørn Olav Jahr (f. 1969) er forfattar, journalist og forlagsredaktør. Han har arbeidd som journalist i aviser og tidsskrift. I 2002 vann han SKUP-prisen, norsk presse sin pris for framifrå undersøkande journalistikk, for opprullinga av Finance Credit-saka, og hausten 2005 kom historia om Finance Credit i bokform.
Hausten 2015 gav han ut den kritikerroste boka «Hvem drepte Birgitte Tengs?» Nokre månader seinare gjenopptok Kripos si Cold Case-avdeling etterforskinga av den snart 22 år gamle uløyste drapssaka. 

Multimedia og vedlegg

Bilete

Bokomslag
Foto: Gyldendal Norsk Forlag
Bjørn Olav Jahr
Foto: Tomm W. Christiansen
Gamle Sundsv.
Foto: Kripos

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
90 minutt.
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Alt frå klasserom til auditorium/aula/gymsal, avhengig av storleik på gruppe.
Oppriggingstid
5 min.
Merknad
Treng oppkopling til internett og framvisar på staden.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune