Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Knud Knudsen si verd
Produksjonsliste
Program

Knud Knudsen si verd

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Korleis dukke ned i eit arkiv frå 1800-talet, og kome opp med ei levande forteljing?

I 1862 var det å ta eit bilde ein omstendeleg prosess. Fotografen måtte preparere ein negativ av glas, eksponere bildet, og framkalle det med ein gong i eit mørketelt rigga opp på staden. Å ta eitt bilde kunne difor ta rundt éin time. Utstyret var tungt, vegane dårlege og framkomstmiddelet var hest og vogn. Likevel, i 1860 – åra tok fotografen Knud Knudsen til å reise rundt i Noreg og ta bilde. Mange plassar, både i bygdelag på vestlandet og elles i landet, var han den aller første fotografen.

Arkivet etter Knud Knudsen er ein viktig del av norsk kulturarv og tel rundt 10.000 originale glasnegativar. Det er ei overstrøymande samling gamle, eineståande fotografi.

Lisbeth Dreyer og Skule Eriksen spurde seg korleis desse fotografia kunne nyttast til å lage levande forteljingar om Knud Knudsen og tida han levde i. Korleis få liv, lyd og rørsle inn i gamle fotografi frå 1800-talet?

I denne framsyninga får vi både eit bildeforedrag og filmvising. Dreyer fortel om arbeidet dei har gjort med boka «Knud Knudsens album» og viser filmen «Album».

«Knud Knudsens album» er ein biografi skriven i presens. – Bilda kom først og teksten etter, slik at boka skulle fungere som ei bildeforteljing.

I filmen «Album» brukte regissøren klipperytme, kamerarørsler, lyd, musikk og ein subjektiv forteljarform i eg-form for å «puste liv i» fotografia til Knud Knudsen. Resultatet er ein poetisk film, der landskap og menneska på 1800-talet trer fram for oss – ei reise i tid.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Lisbeth Dreyer

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Lisbeth Dreyer er forfattar, fotograf og filmskapar. Ho har regissert ei rekkje kortfilmar, dokumentarfilmar og informasjonsfilmar. Ho har òg skrive barnebøker.

Les meir om Lisbeth Dreyer og boka på hennar heimeside.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Kvinne i båt.
Foto: Knud Knudsen

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kunstarter i samspill
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
90 minutt.
Maks publikumsantal
100
Arena / rom
Lokal kino eller kulturhus
Oppriggingstid
30 min.
Merknad
Transport: Hordaland fylkeskommune dekkjer reiseutgiftene når det er naudsynt med transport til visingsstaden. Sjå vedlegg.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune