Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
"Vi kan ikke hjelpe alle" - frå novelle til kortfi...
Produksjonsliste
Program

"Vi kan ikke hjelpe alle" - frå novelle til kortfilm

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Om å adaptere ei novelle til kortfilm – kva skil novelleteksten frå kortfilmmanuset?

Filmskaparen Nina Knag formidlar korleis ein novelletekst, med sitt kortfatta uttrykk, kan inspirere og liggje til grunn for attforteljing i filmen sitt tilsvarande språk – kortfilmen. Gjennom to skuletimar skal ho gi elevane ei innføring i korleis ein adapterer ei novelle til eit kortfilmmanus, for deretter å lage ein kortfilm basert på filmmanuset.

Knag vil først fortelje kort om novella ”Vi kan ikke hjelpe alle” frå novellesamlinga ”Vinternoveller” skriven av Ingvild H. Rishøi, og kvifor ho meiner denne novella eignar seg som utgangspunkt for ein kortfilm. Elevane får lese kortfilmmanuset (7 sider) med påfølgjande diskusjon om ulikskapane på generell litteratur og filmmanus. Kva er det som skil eit kortfilmmanus frå t.d. ei novelle? Elevane får sjå korleis eit filmmanus er bygd opp og korleis handling og kjensler er skildra visuelt, noko som er eit anna vis å skrive på enn når ein skriv ei novelle, der forfattaren kan ta seg fridomen med å skildre karakteren sine tankar og kjensler.

Deretter vil ho fortelje litt om prosessen frå ein har eit ferdig skrive kortfilmmanus til ein set i gang innspelinga av filmen. Om arbeid med regikonsept og visualisering av manuset, val av skodespelarar, val av innspelingsstad(ar), søknadsskriving m. m.

Vidare vil Knag vise den ferdige kortfilmen ”Vi kan ikke hjelpe alle”, 10 minutt. Etter visinga blir elevane presenterte for og diskuterer spørsmål knytt opp til filmen sin tematikk, bodskap, miljø, karakterar, oppbygging, konfliktar, verkemiddel, osb. Etter eit kort gruppearbeid diskuterer klassen i plenum korleis dei har tolka kortfilmen.

Sjå «filmteaser» og les meir, på filmen si offisielle heimeside.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Nina Knag

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Nina Knag har laga ei rekkje kortfilmar som har gjort seg gjeldande i Noreg og utlandet, og m.a. vist på NRK. Kortfilmen «Vi kan ikke hjelpe alle» blir no vist på internasjonale filmfestivalar.

Nina Knag har brei erfaring som manusforfattar, regissør og har arbeidd i mange ledd i filmbransjen og fjernsyn. For tida utviklar ho sin første spelefilm ”Søsken”, som også baserer seg på ei novelle av Ingvild Rishøi.

Les meir om filmskaparen på hennar heimeside

Multimedia og vedlegg

Bilete

Plakat.
Foto: Karl Erik Brøndbo
Mor og datter.
Foto: Karl Erik Brøndbo
Nina.
Foto: Camilla Glaister

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Film
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
90 minutt.
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom, filmrom eller anna på skulen med filmprojektor og lydanlegg.
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
5 min.
Merknad
Det er positivt om elevane har lese novella "Vi kan ikke hjelpe alle" på førehand, men ikkje ein føresetnad.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune