Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Et blikk på hverandre
Produksjonsliste
Program

Et blikk på hverandre

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Kunstverkstad og kunstproduksjon med lyd og bilete for elevar med trong for tilrettelegging.

Det er ikkje lett å bli kjend med seg sjølv i vårt moderne samfunn som beveger seg så raskt framover. Kven er vi, eigentleg? Kva del av oss definerer oss som menneskje? Er det armen eller beinet vårt, hjernen, rullestolen eller mobilen? Og korleis oppfattar andre oss? Kva er det viktigaste våre vener og kjende vil framheve når dei skal skildre oss som heile menneskje?

Desse sentrale, men ofte oversedde spørsmåla er det utøvarane nærmar seg gjennom arbeid med lyd og bilete saman med elevane i «Et blikk på hverandre»:
​Vi rettleier og bidreg til arbeidet når barn og unge med behov for tilrettelegging skal portrettere kvarandre nært og ærleg med fotografi og lydlandskap. Å opne seg sjølv for portrettering er sårbart og krev mot og styrke. Vi håpar, gjennom den kunstnarlege prosessen, å finna fram til både motet og styrken.

I løpet av to skuledagar skapar dei saman eit nært portrett av elevgruppa som deltek på kunstverkstaden. Portretta består av ein serie fotografi i tillegg til skildrande lydlandskap og musikk. Kunstverkstaden vektlegg gleda i å skape eit kunstnarleg produkt og presentere det for eit publikum. I tillegg er dette eit produkt som i høg grad er personleg, og som tyder mykje både for den som blir portrettert, og den som portretterer.
Resultatet blir ein videoproduksjon med lydlandskap. Etter ferdig arbeid blir produksjonen vist for dei medverkande og eit utvald publikum på skulen.

I ”Et blikk på hverandre” skal alle som deltek, bli portrettert og sjølv portrettere ein medelev. Måten dette blir gjort på, kan i stor grad bli tilpassa den einskilde sine fysiske og psykiske utfordringar. Med utgangspunkt i to sansar, høyrsle og syn, vil vi vektleggje det som betyr mest for den som portretterer eller blir portrettert.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Thomas Winje Øijord - Gisle Haaland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Thomas Winje Øijord er fotograf og forfattar. Han er utdanna fotojournalist frå Høgskolen i Oslo, og forfattar frå forfattarstudiet i Bø i Telemark og enkelte fag på UiO. Til dagleg jobbar han frilans for ulike mediehus, mellom anna NTB Scanpix, Aftenposten, A-magasinet og Aftenposten Junior. Thomas jobbar både i Noreg og i utlandet, og bileta hans er publisert i til dømes Washington Post, Bild, Life og LA Times. Thomas skriv også bøker for vaksne og barn.

Gisle Haaland er frilansmusikar og musikklærar. Han er utdanna musikar og lektor ved Musikkonservatoriet ved UiA, Bachelor faglærar musikk og Master i utøvande musikk samt musikkteknologi. Han har jobba på høgskular, videregåande skular og kulturskular, og jobbar no frilans, som musiker, produsent, arrangør og komponist. Han har tidlegare gitt ut to plater med eige band og medverka på ei rekkje utgjevnadar og turneverksemder, blant anna med Ida Maria, Daniel Kvammen, Erlend Ropstad og BLAA.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Verkstadarbeid
Foto: Haaland/Øijord
Lydopptak
Foto: Haaland/Øijord
Portrettering
Foto: Haaland/Øijord
Gisle Haaland
Foto: Haaland/Øijord
Thomas Winje Øijord
Foto: Haaland/Øijord

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: VG1 - Vaksne
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen tlf. 55 23 99 81
Programlengde
2 skuledagar pr. gruppe.
Maks publikumsantal
6
Arena / rom
Klasserom eller anna på skulen.
Er workshop
Ja
Oppriggingstid
10 min.
Merknad
Førearbeid på skulen: 
Enkelt førearbeid/tilpassing i samarbeid med utøvarane før verkstaden. Lenkje til fleir opplysingar og forslag til førearbeid finn de i høgremenyen under. 
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune