Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Den flygande hollendar
Produksjonsliste
Program

Den flygande hollendar

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ei fargerik framsyning av operaen ”Den flygande hollendar” av Richard Wagner (1813 -1883) med Bergen Nasjonale Opera. I tillegg eit program som gir innføring i operasjangeren, med fokus på presentasjon, diskusjon og interaktiv utforsking av sentrale tema i stykket.

Omtale av operaen:

«Den flygande hollendar» hadde si første framsyning i Dresden i 1843. Komponisten hadde sjølv skrive teksten (librettoen) til operaen. Wagner er kjend for å ha fornya operasjangeren på midten av 1800 talet. Sjølv kalla han verka sine for musikkdramatiske verk for å skilje dei frå dei tradisjonelle operaane.

Handlinga byggjer på eit kjend segn om ein hollandsk skipper som er dømd til å segle kvilelaust på ”dei sju hav”. Om folk ser skipet i storm og uvêr, varslar det daud og ulukke. Wagner fortel at han fekk høyre segna ein gong skipet han var på måtte søke naudhamn ved Tvedestrand, og han har difor lagt handlinga til Sandvig ("Sandwigen") ved Arendal. Det sentrale temaet i operaen er korleis kjærleiken kan frigjere eit menneske, eit tema Wagner vender attende til fleire gonger. Hollendaren kan berre bli redda frå den håplause lagnaden sin gjennom kjærleiken og truskapen frå ei kvinne.

Introduksjonsframsyning og generalprøve:

Dette tilbodet er i to delar:  Ei introduksjonsfamsyning på skulen som gir innføring i operasjangeren, og deretter sjølve framsyninga (generalprøven på) «Den flygande hollender» i Grieghallen i Bergen.

Introduksjonsframsyning:
Ei gruppe på tre kunstnarar besøker skulen og møter elevane som skal til Grieghallen. Dei viser eit program som på ein underhaldande måte presenterer tematikk og karakterar i denne operaen. Gjennom programmet blir elevane òg presenterte for opera som kunstart. I tillegg vil publikum bli kjende med komponisten og den tida han levde i.

Generalprøven:
På generalprøven i Grieghallen i Bergen er det på tide å møte den ferdige framsyninga. – Fullt orkester, kostyme, scenografi og songarane som har si siste prøve før den store premièren!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Bergen Nasjonale Opera - BNO

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Les meir om Bergen Nasjonale Opera på deira heimeside.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Scenefoto Hollendaren
Foto: Jean-Louis Fernandez
Scenefoto Hollendaren
Foto: Jean-Louis Fernandez
Scenefoto Hollendaren
Foto: Jean-Louis Fernandez
BNO Logo
Foto: Bergen Nasjonale Opera

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
Introduksjonsframsyning: 90 minutt. Generalprøven: Blir opplyst seinare.
Maks publikumsantal
1000
Arena / rom
Introduksjonsframsyning: Storklasserom, gymsal eller anna eigna lokale på skulen. Generalprøven: Grieghallen, Bergen sentrum 8 mars 2018 kl. 12:00.
Merknad
Deltakartal:Introduksjonsframsyning:  Avhengig av spelestad på skulen.
Ev. verkstad på skulen: 30 - 60.
Grieghallen: Inntil 1000.
Reise: Hordaland fylkeskommune dekkjer ev. reiseutgifter til og frå Grieghallen. Sjå vedlegg.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune