Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Edvard Grieg sin Peer Gynt - ei konsertframsyning.
Produksjonsliste
Program

Edvard Grieg sin Peer Gynt - ei konsertframsyning.

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Troldhaugen Ensemble har under utarbeiding ei konsertframsyning bygd på Henrik Ibsen sitt skodespel Peer Gynt, med musikk av Edvard Grieg.
Elevane får eit inspirerande møte med Ibsen og Grieg, med tekstformidling og musikk på profesjonelt nivå.

Stikkord for konsertutviklinga er «unge utøvarar, møte mellom ulike kunstformer, hybridisering og ei leikande tilnærming til relevans og sjangerproblematikk». Dei vil skape moderne inngangar til eit norsk litteratur- og musikkunivers som har erobra verda.
I denne forkorta versjonen av Ibsen sin Peer Gynt er fokuset først og fremst samla om Peer og kvinnene han møter. Gjennom desse forholda, og bruken av Grieg sin musikk, som står helt sentralt i førestillinga, er målet å vise Peer sitt svik mot seg sjølve og sine næraste.
Samstundes vil ein halde håpet om forsoning og tilgjeving høgt, slik Ibsen gjer i sin tekst, og som ikkje minst gjennom Grieg sin musikk blir sterkt framheva, med både humor og alvor.

Pianisten spelar seg gjennom dei fleste av Grieg sine melodiar, som blir fletta inn i framsyninga på eit vis vi oppfattar som både nytt og annleis, noko den musikalske rolla til Peer i stykket òg bidreg til.
Kvinnerollene blir spela av ein og same songar og musikar som set farge på framsyninga.
Grieg forankra Peer Gynt-musikken i det same folkemusikalske univers som all Grieg sin musikk sprang ut i frå. Hardingfelespelaren er eksponent for dette og har ei sentral rolle i førestillinga.

Konsertframsyninga er framleis under  produksjon, men har funne sin form.  Oppdatert omtale fylgjer  mot slutten av produksjonsprosessen.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Edvard Grieg museum Troldhaugen - Kode.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Troldhaugen Ensemble:

Christian Hundnes Grøvlen -  piano. Ein av Noreg sine unge og særs lovande pianistar. Går i Solistklassen på Det Kongelige Danske Musikkonservatorium.

Jonas Nielsen – komposisjon, vokal og tangentimprovisasjon. Har ei allsidig musikalsk karriere, turnerte m. a. med gruppa Kakkmaddafakka i 9 år i store delar av verda.

Frank Rolland - hardingfele. Spelemann frå Ulvik i Hardanger. Han har brei erfaring frå både konsertverksemd og som pedagog. Har utgjeve solo-cd og medverka på ei rekkje plater. Fylkesmusikar i Hordaland sidan 1996.

Heidi Lambach  - song. Utdanna frå Bårdar. Er eine halvdelen av duoen Lambach og Lund, som lagar sine framsyningar i kryssingspunktet mellom humor og leik med musikalske stilartar og ulike vokale sjangrar.


Medverkande

  • Edvard Grieg museum Troldhaugen - Kode.
  • Troldhaugen Ensemble

Multimedia og vedlegg

Bilete

Troldsalen.
Foto: Dag Fosse
Troldhaugen.
Foto: Dag Fosse

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
Er under planlegging; truleg 80 - 90 minutt.
Maks publikumsantal
190
Arena / rom
Troldsalen, Edvard Grieg museum, Troldhaugen i Bergen.
Merknad
Hordaland fylkeskommune dekkjer reiseutgifter til og frå Troldhaugen. Sjå vedlegg.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Troldhaugen Ensemble